
– Eidfjord Resort er framleis ein stor feil
Utbyggingsplanane i Eidfjord blei tema i ein panelsamtale om klima og friluftsliv i endring under Rosendalsveko denne veka.

Utbyggingsplanane i Eidfjord blei tema i ein panelsamtale om klima og friluftsliv i endring under Rosendalsveko denne veka.

Rådsordførar i Hardangerrådet og ordførar i Ulvik, Jens Olav Holven, trur ikkje det finst ei kjapp løysing på utfordringane den ferske rapporten frå Telemarksforsking peikar på.

Fylkesberedskapssjefen kom med klar oppmoding til kommunane på Hardingtinget.

Ordførarane var samde om behovet for å byggja ein sterkare region i indre Vestland då dei møttest på Hardingtinget. Men kor grensene for ein slik region skal gå, kom det ikkje noko klart svar på.

No vil Samnanger bli ein del av Hardangerrådet.

Totalt vart det seld 329 bustadar i Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord i fjor.

Ein fersk rapport frå forskingsinstituttet Ruralis peikar på det tradisjonelle klyngetunet som eit mogleg tiltak for å få fleire til å slå seg ned i distriktskommunar.

Både Statsforvaltaren og fylkeskommunen har fremja motsegn til planane om å etablera oppdrettsanlegg ved den nedlagde ferjekaien i Bruravik.

Miljødirektoratet fekk nær 300 innspel i høyringsrunden om eit generelt forbod mot nedbygging av myr i Noreg. Kvam og Eidfjord er mellom kommunane som har uttalt seg.

Kimaekspertane frå UiB trur det vil tvinga seg fram fleire endringar for folk og næringsdrivande i Hardanger fram mot år 2100.

Sjøen langs norskekysten har aldri vore varmare enn i 2025.

Klimaendringane går no så raskt at Hardanger står framfor eit heilt nytt landskap i løpet av få tiår.

Kommunal- og distriktsdepartementet har tidlegare gjeve Telemarksforsking i oppdrag å analysera forholdet mellom behov og tilgjengeleg arbeidskraft fram mot 2050, og det er frå dette arbeidet som no er klar.
Det er særleg dei minst sentrale kommunane som blir råka av det som blir omtala som «den demografiske klemma». Ifylgje rapporten vil det i dei 108 minst sentrale kommunane i Noreg bli 26 prosent færre sysselsette innan 2050.
Den overordna demografiske utviklinga i Hardanger . Det blir stadig fleire eldre, og gradvis færre innbyggjarar i arbeidsfør alder.
Kommunane må difor prioritera hardare i åra som kjem når dei store etterkrigskulla går av med pensjon. Desse prioriteringane kan svekkja det kommunale tenestetilbodet, noko som igjen kan gjera det mindre attraktivt for unge par å etablera seg i distriktet.
Rapporten frå Telemarksforsking viser eit noko samansett bilete i Hardanger. Kommunane i regionen vert trekte i same retning, men med ulik kraft.
Ein ny rapport frå Telemarksforsking skildrar ein meir dramatisk nedgang i sysselsette i distrikta fram mot 2050 enn tidlegare prognosar. Av kommunane i Hardanger er Eidfjord mest utsett.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .