Brukarvilkår for abonnementstenester
Sist oppdatert: 17.02.2026
1. INNLEIING
Desse vilkåra skildrar kva rettar og plikter du har som abonnent på tenester leverte av Hardanger AS, org.nr. 935786088, inkludert digitale og/eller papirbaserte abonnement. Vilkåra gjeld for brukarar av alle publikasjonar eller plattformer som vert drivne av utgjevar knytt til denne avtalen.
Vilkåra vert utfylte av personvernerklæringa vår, og me tilrår at du les henne.
Me kan oppdatera vilkåra ved behov. Ved vesentlege endringar vil du bli informert og beden om å godkjenna dei nye vilkåra før dei trer i kraft.
2. BESTILLING OG BETALING
Abonnement er meint for personleg og privat bruk. Nokre abonnementstypar kan inkludera deling med fleire brukarar, avhengig av valt produkt, og vert administrerte via «Mi side» eller tilsvarande.
Gjeldande prisar og vilkår vert publiserte på nettsida til tenesta. Eventuelle pris- eller produktendringar vert varsla minst 14 dagar før dei trer i kraft, og gjeld frå neste abonnementsperiode.
Tilgang til digitale tenester vert vanlegvis aktivert umiddelbart etter bestilling. Ved manglande betaling kan tilgangen stengjast, og du vil bli fakturert for eventuelle ytingar som er leverte.
Alle abonnement vert betalte forskotsvis for avtalt periode, anten via faktura eller automatisk trekk frå vald betalingsmåte.
Du kan seia opp abonnementet inntil 48 timar før ny periode startar. Sjå punkt 3.
3. VARIGHEIT OG OPPSIGING
Abonnement vert fornya automatisk i samsvar med perioden som vart vald ved kjøp. Du kan seia opp abonnementet når som helst, med verknad frå neste periode, føreset at oppseiinga skjer seinast 48 timar før fornying.
4. ANGRERETT
Ved kjøp av abonnement har du 14 dagars angrerett i samsvar med angrerettlova. For å nytta angreretten, ta kontakt med kundeservice innan fristen.
5. RETTAR
Alt innhald og alle tenester som er omfatta av abonnementet, er verna av opphavsrett og tilhøyrer utgjevar. Det er ikkje tillate å kopiera, vidareformidla eller distribuera innhaldet utan uttrykkeleg avtale.
6. ANSVAR VED NEDETID ELLER TEKNISKE PROBLEM
Tenestene kan til tider vera utilgjengelege som følgje av vedlikehald, tekniske utfordringar eller forhold utanfor vår kontroll. Informasjon om utilgjenge vil bli gitt når det er mogleg.
Utgjevar er ikkje ansvarleg for tap eller konsekvensar ved mellombels utilgjenge, med mindre dette skuldast forsett eller grov aktløyse.
Tenestene vert leverte utan garantiar knytte til funksjonalitet, føremålstenlegheit eller nøyaktigheit.
7. HANDSAMING AV PERSONOPPLYSNINGAR
Utgjevar er behandlingsansvarleg for personopplysningar knytte til abonnementet. For informasjon om kva opplysningar som vert samla inn og korleis dei vert handsama, viser me til personvernerklæringa vår.
8. SAMTYKKE TIL MARKNADSFØRING
Som aktiv kunde kan du motta informasjon om liknande produkt og tenester via e-post, SMS, telefon eller nyhendebrev.
Du vert rekna som aktiv kunde i inntil 365 dagar etter at siste aktive abonnement vart avslutta. Du kan reservera deg mot marknadsføring via avmeldingslenkjer eller ved å kontakta kundeservice.
Dersom du ikkje har eit aktivt kundeforhold, krevst uttrykkeleg samtykke for å motta elektronisk marknadsføring.
9. BROT PÅ VILKÅRA
Ved vesentlege brot på brukarvilkåra tek utgjevar atterhald om retten til å avslutta eller frysa abonnementet utan refusjon.
10. REKLAMASJON
Feil eller manglar må meldast til utgjevar innan rimeleg tid etter at dei vart oppdaga, og seinast to månader etter oppdaginga. Reklamasjonen skal innehalda ei skildring av feilen og relevant informasjon.
Utgjevar vil stadfesta mottak og forsøka å retta feilen eller tilby kompensasjon. Reklamasjonsretten gjeld ikkje for mellombelse avbrot eller feil som skuldast brukarens eige utstyr eller tredjeparts programvare.
Forbrukarrettar etter lova vert ikkje påverka.
11. KONTAKTINFORMASJON
Spørsmål om desse vilkåra kan rettast via kontaktinformasjonen som er publisert på utgjevar si offisielle nettside.
