Loading
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

Allereie før lansering, vart det ferskaste albumet hennar kåra til månadens folkemusikkalbum i sjølvaste The Guardian. Men den sindige musikaren frå Maurset i Eidfjord har framleis beina godt planta på jorda.
– Det er veldig stas, og så blir eg veldig audmjuk over at nokon faktisk har tatt seg tid til å lytta og skriva ein veldig fin kritikk om albumet og verkeleg satt seg inn i stoffet. Det er heilt tydeleg i måten dei skriv om det. Dei forstår kva eg prøver å seia.
Slik oppsummerer Benedicte Maurseth omtalen den engelske storavisa The Guardian nyleg gav hennar nyaste album, Mirra.
Albumet vart gjeve ut på plateselskapet Hubro Records i august og er ein oppfylgar til Hárr som kom ut i 2022 og vart kåra til Årets beste nordiske album av Nordic Music Prize.
Som på det førre albumet har Benedicte henta inspirasjon frå naturen ho vaks opp med kring Maurset i Eidfjord.
– Eg har prøvd å fylgja syklusen til villreinen gjennom eit år. Frå vinter og graving i snø til kalving og sommarbeite, og så jaktperioden og snø igjen.
Ho fortel at ho har prøvd å fanga dyra si åtferd musikalsk, i tillegg til å bruka ekte opptak av reinsdyr.
Urframføring og premiere
Albumet vart sleppt 22. august, men Benedicte har ikkje framført musikken live før no. Sjølve urframføringa skjer under Punktfestivalen i Kristiansand denne helga.
– Det gler eg meg veldig til, eg er utruleg glad i den festivalen, seier ho.

Men det meir å gle seg til framover. 18. september går ho på scenen under Ultimafestivalen i Oslo saman Kronos Quartet, ein verdskjend amerikansk strykekvartett som vart stifta av fiolinisten David Harrington i Seattle i 1973.
Saman skal dei framføra verket Elja som Harrington sjølv bestilte av Benedicte i samband med 50-årsjubileumet til kvartetten, og som ho fekk med seg Kristine Tjøgersen til å komponera.
– Eg heldt på å detta av stolen då David Harrington tok kontakt med meg. Det er einaste gongen eg har tatt fly eins ærend for å møta nokon, men då flaug eg faktisk til London for å prata med han andlet til andlet.
Ho fortel at Harrington hadde spelt på Voss ein gong på 90-talet og blitt begeistra for den norske folkemusikktradisjonen. Kvartetten bestilte nye instrument av felemakar Ottar Kåsa for å få den rette "Harding-klangen". Instrumenta er utvikla som ulike varianter av hardingfeler med understrenger, rosemåling og dragehovud.
– Så i tillegg til hardingfele, er det med både harding-bratsj og harding-cello når me speler i lag, seier ho.

Stjerne i Carnegie Hall
Tidlegare i år hadde dei premiere av verket på i det verdskjende konserthuset Carnegie Hall i New York.
Å få spela for smekkfull sal på ein slik scene er ikkje kven som helst forunnt, men Benedicte er ikkje av typen som har behov for å skryta av slikt.
– Det er berre eit konserthus det også, som andre konserthus. Det var stas å få gjera det, men òg stress fordi det er så mange forventningar knytt til ein slik plass. Men eg greidde å tona ned alt rundt og slappa av og ha det kjekt på scenen. Det var ein siger for meg personleg. At eg greidde å sortera ut kva det handlar om: å vera til stades og spela musikk.
Men ho merka på andre at Carnegie Hall var noko spesielt.
– Eg greidde ikkje la vera å le då eg fekk spørsmål etter konserten om korleis det kjentest å ha blitt ei stjerne. Då forstår du kor mykje folk kan leggja i berre ein plass.
At ho ein gong skulle stå på ei verdskjend scene saman med verdskjende musikarar, var ikkje noko ho såg føre seg som ung hardingfelespelar på kulturskulen i Eidfjord.
I Hardanger.no sin nye podkastserie Hardangerfolk opnar ho seg om barndomen og ungdomstida:
– Eg trudde verkeleg ikkje eg hadde noko spesielt med meg til å tenkja i den retninga.
Høyr meir om korleis det var å veksa opp på Maurset på 80- og 90-talet, og alle tilfeldigheitene som har ført Benedicte fram til den karrieren ho har i dag, i fyrste episode av Hardangerfolk som du finn der du vanlegvis høyrer podkast.

Over 3300 gjester fordelt på 33 ulike arrangement var innom Poesifestivalen i Ulvik i år.

Lyrikar Torild Wardenær debuterer som festivalpoet under Poesifestivalen i Ulvik denne veka. Sist gong ho besøkte bygda, var i eit heilt spesielt høve.

Sommaren 2015 hadde Marie Skeie sommarjobb som formidlar ved Kabuso, ved sidan av masterutdanning ved Kunsthøgskulen i Oslo. I januar neste år vender ho tilbake til kunsthuset i Øystese, denne gongen som leiar.

Saknar du noko i oversikta? Send nokre ord om arrangementet til post@hardanger.no, så fører med det på lista.

Kringkastingsorkesteret er eitt av trekkplastra når Hardanger Musikkfest feirar 30 år denne veka. Sjefdirigent Holly Hyun Choe er godt i gang med førebuingane.

Manglar det noko på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no så legg me det inn.

Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.

Frøydis Århus har lagt bak seg eit hektisk halvår som ny Vossa Jazz-sjef. I juli koplar ho av, før eit nytt festivalprogram skal spikrast til hausten.

Her er ei oversikt over det som skjer i Hardanger i sommar. Veit du om noko som ikkje står på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no, så får me det med.

Thomas Tveit Bakketun (15) og Åsmund Nesbakken Røynstrand (snart 14) har trass sin unge alder allereie rokke å bli godt etablerte i folkemusikkmiljøet i Noreg.

Therese Birkelund Ulvo er kunstnarisk leiar for Hardanger Musikkfest. I sommar skal ho kvila øyrene og fylla på med fjell og bøker, før det brakar laus med kammermusikkfestivalen på Lofthus i august.

Granvin kyrkje har stått i 300 år. I helga blir jubileet feira med nyutgjeven bok, konsert og fleire geistlege gjester.
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.