Hardanger logo

Meld deg på temafrukost om klimaendringar i Hardanger 16.desember. Les meir

Publisert for omtrent to månader sidan

Ber kommunane om ekstra løyving til båtruta neste år også

Hardangerrådet ber kommunane bidra med til saman ein halv million ekstra også i 2026, for å oppretthalda den mykje omtala båtruta på Hardangerfjorden.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 28.10.2025 09:00
Hardanger.no
UAVKLART: Det er framleis ikkje sikkert at hurtigbåtruta i indre Hardanger blir vidareført.

Sjølv om turoperatørar og andre er i full gang med planlegginga av neste års turistsesong, er det framleis ikkje sikkert at rutetilbodet til hurtigbåten som bind saman dei fire kommunane Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord vil bestå.

I eit formelt brev til dei fire kommunane, datert 27. oktober, ber Hardangerrådet no om at nivået på løyvingane deira til den etter kvart mykje omtala båtruta i indre Hardanger vert oppretthalde.