
– Gler meg til alle dei fine møtene
Litteratursymposiet i Odda er i gang, og festivalsjef Ingvild Ystanes kan endeleg skru over i ein ny modus.

Litteratursymposiet i Odda er i gang, og festivalsjef Ingvild Ystanes kan endeleg skru over i ein ny modus.

Oktober byd på haustferieaktivitetar, føredrag, kurs og konsertar. Manglar det noko på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no, så legg me det inn.

Over 3300 gjester fordelt på 33 ulike arrangement var innom Poesifestivalen i Ulvik i år.

Sommaren 2015 hadde Marie Skeie sommarjobb som formidlar ved Kabuso, ved sidan av masterutdanning ved Kunsthøgskulen i Oslo. I januar neste år vender ho tilbake til kunsthuset i Øystese, denne gongen som leiar.

Saknar du noko i oversikta? Send nokre ord om arrangementet til post@hardanger.no, så fører med det på lista.

Kringkastingsorkesteret er eitt av trekkplastra når Hardanger Musikkfest feirar 30 år denne veka. Sjefdirigent Holly Hyun Choe er godt i gang med førebuingane.

Manglar det noko på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no så legg me det inn.

Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.

Frøydis Århus har lagt bak seg eit hektisk halvår som ny Vossa Jazz-sjef. I juli koplar ho av, før eit nytt festivalprogram skal spikrast til hausten.

Her er ei oversikt over det som skjer i Hardanger i sommar. Veit du om noko som ikkje står på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no, så får me det med.

Thomas Tveit Bakketun (15) og Åsmund Nesbakken Røynstrand (snart 14) har trass sin unge alder allereie rokke å bli godt etablerte i folkemusikkmiljøet i Noreg.

Therese Birkelund Ulvo er kunstnarisk leiar for Hardanger Musikkfest. I sommar skal ho kvila øyrene og fylla på med fjell og bøker, før det brakar laus med kammermusikkfestivalen på Lofthus i august.

Lyrikar Torild Wardenær debuterer som festivalpoet under Poesifestivalen i Ulvik denne veka. Sist gong ho besøkte bygda, var i eit heilt spesielt høve.
– Eg fekk aldri treft Olav H. Hauge, men då eg debuterte som lyrikar i 1994 var eg tilfeldigvis i Bergen den dagen han skulle gravleggast. Forlaget mitt inviterte meg til å reisa til Ulvik, og der fekk eg gå med følgjet etter hesten som trekte den enkle kjerra med kista oppover bakkane mot kyrkja. Så eg har vore her før, og det er eit minne eg held kjært.
Torild Wardenær er ein av festivalpoetane publikum får møta når Poesifestivalen i Ulvik startar denne veka.
– Eg har ikkje vore på Poesifestivalen tidlegare, så det er stas, og ei glede å bli invitert, seier ho.
Festivalsjef Jorid Lekve Eide ser fram til å ta imot Wardenær og alle dei andre som skal medverka i programmet i løpet av festivalhelga.

Ho fortel at det framleis er ledige billettar, men at nokre av arrangementa er utselde.
– Lyrikkseminaret fredag er utseld, det er veldig stas. Dette er noko me har jobba jamt og trutt med. I 2018 var me vel glade om det kom 20 stykk. No er det utseld auditorium på Hjeltnes.
Kollega Stein Arnold Hevrøy ved Haugesenteret forklarar kva lyrikkseminaret går ut på.
– Målet med seminaret er å koma meir på innsida av Hauge si dikting. Her får publikum høyra litteraturforskarar leggja fram ulike tolkingar av Olav H. Hauge si diktsamling Seint rodnar skog i djuvet. Me vil sjølvsagt også opna for spørsmål frå salen.
Hevrøy sit i programrådet til Poesifestivalen og er særleg involvert i den litteraturfaglege delen av programmet, med lyrikkseminaret, Haugesamtalen og Haugeføredraget.
At interessa for lyrikkseminaret har blitt så stor at det har blitt rift om billettane, trur han handlar om fleire ting.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.