Hardanger logo
Publisert for omtrent ein månad sidan|Redaksjonelt

God mottaking gjev von om vidare vekst

Hardanger.no vil utvida redaksjonen i 2026.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 18.12.2025 09:15
Lytt til saka
00:00
00:00
Live podkastinnspeling
Frå innspelinga av podkasten Hardangersnakk med Pål Ringkjøb Nielsen og Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen.

Når året no går mot slutten er det tid for å sjå tilbake på dei fyrste månadane våre, men aller mest sjå framover.

Sidan oppstarten av Hardanger.no i august i år har underteikna vore åleine om å laga alt innhaldet.

Arbeidet med å byggja opp eit nytt, regionalt nyhendetilbod frå grunnen av har vore krevjande, men fyrst og fremst utruleg gjevande. Mottakinga har vore svært god, og det varmar eit redaktørhjarte å sjå interessa for sakene.

Variert innhald

Hardanger.no har til no publisert vekentlege nyhendebrev, artiklar og podkastar, og arrangert to event om tema som er aktuelle for heile Hardangerregionen.

Biletet i toppen er frå liveinnspeling av podkasten Hardangersnakk tidlegare denne veka, der Pål Ringkjøb Nielsen og Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen fortalde om korleis klimaendringane vil påverka Hardanger fram mot århundreskiftet.

Podkastepisodane blir tilgjengelege i løpet av dei komande vekene.

Temalunsj om Hardangerfjorden
Hardanger.no har arrangert to event om tema som er aktuelle for heile regionen. Biletet er frå temalunsjen vår om tilstanden i Hardangerfjorden tidlegare i haust.

God vekst

Tala talar sitt tydelege språk: Over 1200 personar abonnerer allereie på nyhendebrevet vårt, og me får om lag 100 nye lesarar kvar einaste veke.

Det viser at det er eit behov for journalistikk som ser heile Hardanger under eitt, og som går i djupna på næringsliv, politikk og samfunnsutvikling.

Fram til no har me bygd stein på stein. Men god og grundig journalistikk er kostbart å produsera.

Skal me klara å levera den kvaliteten regionen fortener, må me ha eit berekraftig økonomisk fundament. Frå neste år må me difor byrja å ta betalt for innhaldet vårt.

Ingvil Aaen Torpe
Fram til no har redaktøren vore åleine om å laga alt innhaldet til Hardanger.no. Snart kan redaksjonen bli utvida.

Me treng deg på laget

Me har store ambisjonar for tida som kjem. Målet er at me innan utgangen av 2026 skal utvida redaksjonen til minst tre tilsette.

Fleire journalistar betyr at me kan vera til stades på fleire arenaer, gå djupare inn i dei komplekse sakene og gje deg som lesar endå betre oversikt over det som rører seg i regionen.

For å nå dette målet, er me heilt avhengige av støtte frå dykk lesarar. Inntektene frå abonnement går direkte til å styrkja redaksjonen.

No har du òg høve til å gje bort eit prøveabonnement på Hardanger.no i gåve, for under 200-lappen.

Ved å gjera det bidreg du direkte til vekst i redaksjonen. Du gjev mottakaren tilgang til viktig informasjon, samtidig som du er med på å sikra at me kan gå frå éin til tre journalistar i løpet av det neste året.

Me håpar du vil vera med på denne reisa og teikna eit abonnement – for deg sjølv eller nokon du er glad i.

Teikn abonnement her

Kjøp gåveabonnement

Hardanger.no takkar for fylgjet så langt og ynskjer alle lesarane våre ei riktig god jul!