Hardanger logo
Publisert for omtrent ein månad sidan

– Heilt naturleg at språket endrar seg

I Strandebarm har lokale eldsjeler gått systematisk til verks for å hindra at gamle dialektord går i gløymeboka. Det har mellom anna ført til ein heilt unik dialektfestival.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 22.09.2025 11:00
Programnemnda for dialektfestivalen i Strandebarm gjer seg klare.
Mykje skal på plass før det brakar laus med dialektfestival i Strandebarm i helga.

– Det starta med ei prosjektgruppe og enda med ein festival!

Det seier Randi Jåstad som er med å arrangera det som har blitt ein årleg dialektfestival i Strandebarm. Dialektprosjektgruppa som starta det heile kjem me tilbake til.

I helga er det klart for den tredje utgåva av festivalen, med namn som Helge Jordal og Ruth Lillegraven på progammet.

Dialektfestivalen har gått frå å vera sentrert rundt dialekter, til å famna om større tema som identitet og kultur.

Men korleis er eigentleg stoda for dialektene i Hardanger?

Felles, men ulike

– Dialekter limer oss saman i ei bygd eller region, men er også noko som skapar spennande forskjellar, seier Randi som opprinneleg er frå Sørfjorden. Ho har lang fartstid i Kvam mållag, tidlegare som leiar og no styremedlem.

Saman med Svein Ove Duesund frå Strandebarm og Olav Johannes Skeie frå Norheimsund utgjer ho programnemnda for dialektfestivalen. Duesund er med frå Fosse-stiftinga, Skeie frå Folkeakademiet. Same gjengen er også sterkt engasjert i Fossedagane som skjer på våren.

Dialektfestivalen
Svein Ove Duesund frå Fosse-stiftinga, Randi Jåstad frå Kvam mållag og Olav Johannes Skeie frå Folkeakademiet utgjer programnemnda for festivalen.

Dei er godt vaksne hardingar alle tre, men med ulike dialekter.

– Berre mellom Strandebarm og Norheimsund endrar dialekta seg, og herfrå til Sørfjorden er det endå større skilnad, seier Randi.

Alle er samde om at dei merkar godt at dialektene deira er i stadig endring.

– Men sjølv om orda ein brukar endrar seg, heng lyden og tonefallet igjen og viser kva del av Hardanger du kjem frå, meiner Randi.

– Og reiser du til Oslo, får du alltid høyra kor fin dialekt du har!, skyt Olav Johannes inn.

– Ja, folk i byane misforstår ofte og trur at dialekt berre er noko ein har på landsbygda. Men dei har jo dialekter i byane også, seier Randi.

– Og så har du dette med emojis som har kome til og blitt ein del av språket til dei unge. Det er heilt umogleg for oss eldre å henga med på, legg ho til medan dei to andre nikkar samtykkande.

Dialektord frå Strandebarm
Arrangørane er opptekne av å ta vare på ord og uttrykk for framtida, men seier det er heilt naturleg at språket endrar seg og nokre ord fell ut av daglegtalen.

Lokale variasjonar

Ifylgje Store norske leksikon høyrer hardingmålet inn under det sørvestlandske a-målet. Dette området strekkjer seg frå og med midtre og indre Sogn og sørover til og med det meste av vestlege Agder.

Eit fellesteikn for dialekter i dette området er a-ending på verb i infinitiv, og i svake hokjønnsord som å fara, å kasta og ei veka og ei visa.

Hardingmålet har tradisjonelt hatt mykje felles med vossamålet, til dømes lyden å som vert ao i ord som baot, pao og vaoren.

Tidlegare var skarre-r berre vanleg i Kvam og delar av gamle Ullensvang kommune, men er no vanleg i heile Hardanger.

Ei rask oppteljing i programkomiteen viser at to av tre skarrar på r-en.

– Eg har ein slags mellom-r, seier Svein Ove og demonstrerer lyden av r-en sin.

Generelt er tendensen i dag at ei rekkje av dei trekka som er karakteristiske for tradisjonelt hardingmål er i ferd med å bli borte hjå mange yngre.

Det gamle bedehuset ligg eit steinkast unna barndomsheimen til Jon Fosse. Svein Ove Duesund synest lokalet eignar seg godt til foredrag.
Det gamle bedehuset på Fosse eignar seg godt til å arrangera dialektfestival i, meiner Svein Ove Duesund.

Positiv knoting

Ein skulle kanskje tru at ein tidlegare mållagsleiar og arrangør av dialektfestival synest det er trist at den gamle måten å snakka på forsvinn. Men Randi Jåstad ser ikkje slik på det.

– Språket er i endring heile tida, og slik har det alltid vore. Det er kjekt å ta vare på kunnskapen om gamle ord og uttrykk for ettertida, men for kvar generasjon kjem det nye ord til medan andre går ut av daglegspråket. Det er heilt naturleg.

Knoting er også noko ho synest er spennande, og som i år har fått sin eigen programpost på dialektfestivalen.

– Knoting blir gjerne sett på som noko negativt. Når folk treng noko å irritera seg over i språket heng dei seg gjerne opp i at nokon knotar eller til dømes brukar engelske ord. Men eg tenkjer litt motsett, at knoting er ein måte å få folk til å forstå deg. Sjølv seier eg til dømes aoko til vanleg, men det er ikkje alle stader i landet dei forstår det. Då legg eg jo om for å bli forstått.

Akademisk tilnærming

Else Berit Molde er universitetslektor ved Universitetet i Bergen og er invitert til dialektfestivalen for å snakka om nettopp knoting.

Ho forklarar at knoting er ei form for blanding av dialekter eller språk som nokon reagerer på.

– Det er ikkje knoting viss ingen reagerer. Kor sterkt nokon reagerer heng saman med kva dei trur er bakgrunnen for at ein person endrar språket sitt. Er det for å gjera seg forstått, blir det møtt med større aksept enn viss folk trur det handlar om å gjera seg finare.

Else Berit Molde, UiB
Else Berit Molde er lektor ved Universitetet i Bergen og kjem til dialektfestivalen for å snakka om knoting. Foto: UiB

Historisk sett var nemleg knoting eit negativt begrep for dei som prøvde å snakka finare:

– Eit anna ord for knoting var klokkardansk. Det vart brukt for å illustrera folk som prøvde å etterlikna måten presten og andre embetsmenn snakka på i dansketida.

Sidan den gongen har bruken av verbet knota endra seg, og i dag blir det også brukt om å gjera noko på ein klønete måte. Else Berit fortel at språkleg knoting djupast sett handlar om identitet, og at måten ein reagerer på det varierer etter kor i landet ein bur. Folk på bygdene reagerer sterkare enn i byane.

– Her i Noreg blir til dømes kjendisar ofte anklaga for knoting, så det er noko med det å stikka seg fram. Då skal du i alle fall halda på dialekta, viss ikkje blir du fort skulda for å prøva å gjera deg til, seier Else Berit.

Sjølv gler ho seg til å oppleva ein ekte dialektfestival:

– Eg og har leigd eit hus saman med Margunn Rauset som også jobbar her ved UiB og skal halda foredrag etter meg på laurdag. Så me blir i Strandebarm heile helga og skal få med oss alt på programmet!

Fossehuset
Fossehuset har blitt ein viktig samlingsstad for alle som er interesserte i språk, dialekter og forfattarskapen til nobelprisvinnaren.
I fyrste etasje er det rigga til kafé og basar.
I fyrste etasje er det rigga til kafé og basar i helga.
Sjølv om han ikkje blir å sjå på dialektfestivalen i heimbygda, er det ingen tvil om kven som er hovudpersonen i Fossehuset.
Sjølv om han ikkje blir å sjå på dialektfestivalen i heimbygda, er det ingen tvil om kven som er hovudpersonen i Fossehuset.

Einaste i sitt slag

Dialektfestivalen i Strandebarm er eit samarbeid mellom Kvam mållag, Fosse-stiftinga og Folkeakademiet. Arrangørane trur det er den einaste dialektfestivalen i landet, men Svein Ove Duesund har høyrt at det skal finnast ein dialektfestival i Sverige.

Ideen om å laga ein dialektfestival sprang ut av eit større arbeid som var sett i gang for å samla inn og ta vare på dialektord frå Strandebarm.

Det starta med at Svein Ove byrja å systematisera og digitalisera ei samling av over 1500 dialektord og -uttrykk frå Strandebarm som sambygdingen Hans Fosse hadde samla inn.

– Me byrja å ta bilete av tinga i ordlista og laga ordforklaringar, og ta opp lydfiler med folk som snakkar strandebarm-dialekt, seier Randi.

Etter kvart fekk den vesle prosjektgruppa som var engasjert i dialektarbeidet laga ei nettside der dei kunne dela arbeidet sitt.

Programnemnda for dialektfestivalen.
Dialektfestivalen sprang ut frå eit arbeid som allereie var i gang for å ta vare på gamle dialekt ord og -uttrykk frå Strandebarm.

– Så fann me ut, litt ut av det blå, at det er jo all slags festivalar rundt i landet. Så kvifor ikkje laga ein festival og skapa litt aktivitet i bygda ei helg om hausten. I fyrste omgang var målet å få blest om dialektprosjektet vårt, men det var også eit mål å få ulike lag og organisasjonar i bygda til å samarbeida for å feira mangfaldet med dialektar, fortel Randi.

Prosjektgruppa held framleis på med å dokumentera ord og uttrykk frå Strandebarmdialekta. I tillegg jobbar dei med ei nettside som skal vera lett å bruka for alle.

Heile bygda bidreg

Dialektfestivalen set sitt preg på bygda og involverer både skulen, barnehagen, sogelaget, kyrkja, ungdomslaget og ein gjeng på rundt 50 frivillege som bidreg med alt frå kakebaking til vakthald.

Nytt av året er at det vert omvising i barndomsheimen til Jon Fosse, Myra, som Fosse-stiftinga overtok 1. september. Forfattaren sjølv blir ikkje å sjå, men Randi fortel at det er ein nær barndomsven av han som skal stå for omvisninga.

Arrangørane fortel at dei veit om tilreisande frå både Ullensvang, Bergen og fleire stader i Kvam.

Fossehuset
Fossehuset er sjølve episenteret for Dialektfestivalen.
Myra på Fosse i Strandebarm.
Ein barndomskamerat av forfattaren sjølv vil stå for omvisinga når Dialektfestivalen opnar dørene til Jon Fosse sin barndomsheim i helga.
Fosse
Huset Jon Fosse vaks opp i ligg ikkje langt unna det tidlegare bedehuset som no blir tatt vare på av Fosse-stiftinga.

Etter ei rask oppteljing kjem dei fram til at det kom rundt 650 publikummarar med stort og smått på fjorårets festival, og dei forventar at besøkstalet vil bli nokolunde likt i år.

Svein Ove er heller ikkje framand for å ringja rundt og minna folk på at dei må koma på festival.

– Det har eg gjort tidlegare, og då har folk takka meg for påminninga, gliser han.

– Han er tango-mann og gler seg i grunnen mest til dansen, kjem det frå Randi på sidelinja.

– Ja, dansen er viktig, stadfestar Svein Ove:

– Me har fått til eit veldig bra kveldsprogram også i år. Og så må du få med at me har digital basar med mange flotte premiar!