Publisert for 14 dagar sidan
Her kostar det minst
Ei fersk oversikt frå Huseiernes landsforbund viser at Eidfjord er den rimelegaste kommunen du kan bu i innanfor dei gamle fylkesgrensene til Hordaland.

Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 03.11.2025 14:45

I dag kom bukostnadsindeksen frå Huseiernes landsforbund. Denne er utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse og gjev ei oversikt over kva det kostar å bu i norske kommunar.
– Bukostnadane aukar i ei voldsom fart. I 2025 brukar ei norsk hushaldning i gjennomsnitt 32 prosent av inntekta på bukostnadar. I 2020 var dette talet 22 prosent, skriv Huseierne i samband med årets oversikt.