Hardanger logo
Publisert for 20 dagar sidan

Historiske Hardangerhotell framleis til sals. For eitt av dei kan det gå mot ei løysing.

Fleire har vore interesserte, men ingen har så langt slått til og sikra seg anten Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin eller Rosendal Turisthotell. Framtida ser likevel lys ut for den eine staden.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 08.10.2025 16:15
Janusen Gjestgjevarstad
Eigedomsmeklaren er optimist med tanke på eit snarleg sal av Janusen Gjestgjevarstad i Granvin.

– Ja, det har vore veldig god interesse for Jaunsen, seier Marius Berger, eigedomsmeklar og partnar i Sem & Johnsen.

Det er firmaet hans som har fått oppdraga med å selja dei historiske hotelleigedomane på kvar sin kant av Hardanger.

Jaunsen Gjestgjevarstad har historie heilt tilbake til 1674 og ligg ute for sal til ni millionar kroner.

Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin
Her Jaunsen har det vore overnattingsstad i meir enn 300 år. Foto: Tor Lie

I motsett ende av Hardanger ligg Rosendal Turisthotell som vart bygd i 1884 ute for 22 millionar kroner. Hotellet har 22 rom, restaurant og pub.

Snarleg sal

Marius Berger fortel at dei så langt har hatt nokre visningar på begge hotella, og at det er Jaunsen som ligg fyrst i løypa med tanke på å få gjennomført eit sal.

– Me skal ha ei ny visning fyrstkomande helg og reknar med at eigedomen blir omsett i løpet av ein månad eller to, utan at eg kan gje ein endeleg garanti på det, seier meklaren.

Marius Berger, eigedomsmeklar og partnar i Sem & Johnsen
Marius Berger i Sem & Johnsen har fått oppdraga med å selja dei to historiske hotella på kvar sin kant av Hardanger. Foto: Sem & Johnsen

Han fortel at det er utelukkande privatpersonar som har vore interesserte i gjestgjevarstaden i Granvin:

– Mitt inntrykk er at det er mange som drøymer om å driva ein sånn liten stad. Det blir også reflektert gjennom kommentarar folk kjem med på visning og i kommentarfeltet under salsannonsen på Facebook der folk skriv ting som «dette er ein draum» og «dette kunne eg tenkt meg å driva».

Jaunsen Gjestgjevarstad Foto: Tor Lie
Det historiske hotellet i Granvin har 8 unike gjesterom. Foto: Tor Lie

Og no har han altså tru på at eit snarleg sal.

– Seljar er veldig opptatt av at staden skal bli drive vidare i same ånd, så det harmonerer godt med at det berre er privatpersonar som har kome på visning.

Noverande eigar, Eli Stangeland, kommenterer eit mogleg sal slik:

– Me har ikkje selt før me har underskrive ein kontrakt.

Ho fortel at ho var medviten på at det fyrst var gravensarar og vossingar som fekk vita om at gjestgjevarstaden kom for sal, før han etter kvart kom ut på den opne marknaden når ingen lokale kjøparar melde seg.

Tek lang tid