Hardanger logo
Publisert for 22 dagar sidan|Næringsliv

Hurtigbåtruta: – Me har fått fleire positive signal

Trass i passasjerauke i sommar, manglar det framleis eit betydeleg beløp for å oppretthalda rutetilbodet med hurtigbåten i indre Hardanger i 2026. No håpar Visit Hardangerfjord og Hardangerrådet det lokale reiselivet vil bidra. 10. oktober går svarfristen ut.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 07.10.2025 08:45
Visit Hardangerfjord og Hardangerrådet står saman bak oppmodinga til det lokale reiselivet om å bidra til å finansiera båtruta i indre Hardanger neste år. Her frå ein tur med hurtigbåten tidlegare i sommar, f.v. Ann Irene Myrheim (Hardangerrådet), Peter Haugan (Havforskingsinstituttet) og Andreas Skogseth (Visit Hardangerfjord). Foto: Visit Hardangerfjord
Visit Hardangerfjord og Hardangerrådet står saman bak oppmodinga til det lokale reiselivet om å bidra til å finansiera båtruta i indre Hardanger neste år. Her frå ein tur med hurtigbåten tidlegare i sommar, f.v. Ann Irene Myrheim (Hardangerrådet), Peter Haugan (Havforskingsinstituttet) og Andreas Skogseth (Visit Hardangerfjord). Foto: Visit Hardangerfjord

I midten av september samla Skyss og Norled fleire sentrale aktørar frå regionen til eit informasjonsmøte i Eidfjord for å informera om stoda for hurtigbåttilbodet på strekninga mellom Norheimsund-Eidfjord.

Her gjorde dei det klart at det måtte på plass 2,5 million for å oppretthalda tilbodet i 2026. Det er det siste året av kontrakten mellom fylket og Norled som har vore operatør på ruta dei siste åra.

Etter møtet i Eidfjord sende Hardangerrådet og Visit Hardangerfjord ut ei oppmoding til reiselivet i regionen om å bidra i eit spleiselag.

– Brevet gjekk i hovudsak ut til dei som blir størst berørt viss båtruta forsvinn, fortel dagleg leiar i Visit Hardangerfjord, Andreas Skogseth.

I brevet vart det lista opp tre mål med initiativet:
• Sikra drift i 2026
• Signalisera reiselivet sin oppslutnad til hurtigbåten ovanfor fylket
• Leggja grunnlaget for å etablera eit nytt,
kommersielt båtprodukt for Hardangerfjorden frå 2027

Nokre dagar før svarfristen går ut fortel han om positive signal frå fleire mottakarar av brevet. Men kor mykje det resulterer i når det gjeld økonomiske bidrag er framleis uvisst.

Avhengig av at fleire bidreg

Skogseth fortel at totalkostnaden for å drifta båtruta ligg på om lag 12 millionar kroner. Rundt halvparten av dette blir dekt av billettinntekter, medan den andre halvparten må dekkjast inn på andre måtar.

Tilskot frå fylket har stått for den største delen, i 2025 var dette på 4,3 millionar kroner.

Resten har vore eit spleiselag mellom dei fire kommunane båtruta bind saman, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord, og Sparebankstiftinga Hardanger.

Andreas Skogseth, dagleg leiar i Visit Hardangerfjord.
Andreas Skogseth, dagleg leiar i Visit Hardangerfjord. Her frå ein tur med hurtigbåten til Norled i sommar. Foto: Visit Hardangerfjord

Historisk har kommunane bidrege med ein halv million til saman, men då rutetilbodet stod i fare like før 2025-sesongen gjorde kommunane som utgjer Hardangerrådet vedtak om å dobla beløpet dette året slik at den samla støtta frå dei fire vart på 1 million kroner.

Dagleg leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Myrheim, seier kommunane har signalisert at stram økonomi gjer det urealistisk å forventa at dei kan auka beløpet ytterlegare.

Det er framleis uvisst om kommunane opprettheld støtta på til saman 1 million kroner også i 2026, då dette skal opp til behandling i dei einskilde kommunestyra i samband med neste års budsjett.

Hardangerrådet ventar også på svar på søknaden om vidare støtte frå Sparebankstiftinga Hardanger som i 2025 bidrog med same beløp som dei fire kommunane til saman, altså 1 million kroner.

Uansett vil det stå att ein sum som må hentast inn andre stader, og det er her Visit Hardangerfjord og Hardangerrådet håpar reiselivsnæringa sjølv kan bidra.

– Det er viktig å få med reiselivsnæringa no, slik at me får oppretthalde eit rutetilbod og kan byggja opp kundegrunnlaget for 2027, seier Myrheim.

Ho fortel at talet på reisande bør liggja ein stad mellom 20-30 000 for at det skal vera grunnlag for eventuell kommersiell drift når Norled ikkje lenger skal vera operatør på ruta.

Sjølv trur ho ikkje det vil vera vanskeleg å auka passasjertalet.

– Denne båtruta har etter mitt syn vore veldig lite marknadsført. Sett på spissen så held det ikkje med plakatar på nokre gatebukkar framfor kaien når du skal nå ut til dagens reiseoperatørar, seier ho.

No ventar både ho og Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord spent på kor mange bedrifter som melder seg og ynskjer å bidra med finansiering innan fristen dei sette i brevet går ut, fredag denne veka.

Hurtigbåten til Norled ved Bruravik i Ulvik.
Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord og Ann Irene Myrheim i Hardangerrådet er forsiktige optimistar med tanke på å få på plass tilstrekkeleg finansiering av båtruta i indre Hardanger neste år.

Er optimistiske

– Me har fått fleire positive tilbakemeldingar, så eg trur me får med oss nokon, seier Skogseth.

Spørsmålet er om det er mange nok som vil forplikta seg til at dei får redda rutetilbodet i 2026.

Skogseth fortel at kontrakta mellom Norled og fylket gjer det vanskeleg å gjera store endringar neste år. Det vil fyrst vera mogleg i 2027.

– Det er eit vekstpotensial framover viss ein gjer ting rett. Me har fleire innspel til korleis ein kan auka det kommersielle med tanke på å marknadsføra og vidareutvikla båtruta, seier han.

Ann Irene Myrheim viser til at besøkstala auka i sommar, trass i all usikkerheita rett før sesongen starta.

– Ved utgangen av september hadde båtruta hatt 20 000 reisande. Med unntak av mai var det ein auke kvar månad, og samla sett ein auke på 2500 passasjerar mot fjoråret, seier ho.

Myrheim viser også til potensialet som ligg i betre og meir målretta marknadsføring.

– Med rett marknadsføring trur eg me kan auka passasjertalet veldig mykje og på den måten sikra eit grunnlag for kommersiell drift vidare når Norled si kontrakt går ut. Men det avheng av at me får ei avklaring på at rutetilbodet for 2026 blir oppretthalde no før jul, slik at turoperatørane kan byrja å selja reiseprodukt som inkluderer båtruta, seier ho.

Ho er også oppteken av gevinsten ein får dersom ein får flytta ein stad mellom 20-30 000 reisande vekk frå vegane og over på sjøen.

– Mindre press på infrastrukturen kjem alle i regionen til gode, seier ho.

Skogseth trur òg det kan vera mogleg å få med fylket som ein samarbeidspartnar vidare på eit eller anna vis, sjølv om dei har gjort det klart at dei ikkje lenger vil bidra til å finansiera reine turistbåtruter slik dei definerer ruta i Hardanger.

– Mitt inntrykk er at fylkeskommunen ser verdien av å byggja opp gode kollektivtilbod som bind saman regionen, seier Skogseth.

Hurtigbåtruta i Hardanger
Både Hardangerrådet og Visit Hardangerfjord trur det er stort potensial for å auka passasjertalet på hurtigbåten i indre Hardanger. Foto: Visit Hardangerfjord

Betalar tilbake