Jobbar for oppdrettsanlegg i Bruravik: – Fleire fordelar
Gjennom selskapet Bruravik utvikling AS har Lingalaks og Eide fjordbruk dei siste åra samarbeidd om planar for å forvandla den gamle ferjekaien til eit moderne oppdrettsanlegg med lukka merdar.


Fordelane ved å leggja eit oppdrettsanlegg til Bruravik er mange, ifylgje leiar for fellesprosjektet, Vidar Hjartnes.
– Der er det allereie kai og næringsareal, så ein slepp å gjera store naturinngrep på land. Og med tanke på fiskehelse er det høg biotryggleik, altså lite smittefare, sidan det er langt til næraste oppdrettsanlegg.
Hjartnes er tilsett i Eide Fjordbruk, men har ansvar for å fylgja opp planane i Bruravik på vegner av begge oppdrettsaktørane. Nyleg var han med og presenterte detaljreguleringsplanen for formannskapet i Ulvik som vedtok å leggja han ut på offentleg ettersyn i seks veker.

Ikkje utan påverknad
I planen kan ein lesa at Bruravik Utvikling ynskjer å skapa ei «berekraftig og
framtidsretta akvakulturverksemd».
Både Lingalaks og Eide Fjordbruk er langt framme når det gjeld å utvikla ny teknologi for å sikra meir miljøvennlege løysingar, og begge har utvikla eigne konsept for lukka merdar. Lingalaks med konseptet Stadionbasseng, Eide Fjordbruk med løysinga Watermoon.
Felles for begge er oppsamling av slam som kan nyttast i andre næringskjedar, eliminering av lakselus og meir stabile vekstmiljø for fisken.

Men ei etablering av eit anlegg for matproduksjon i sjø, kjem ikkje utan påverknad på miljøet rundt. Per no er det ingen oppdrettsmerdar lenger inn i fjorden enn ved Ålvik i Kvam, mellom anna av omsyn til villfisk.
Sjølv om nokre punkt i konsekvensutgreiinga som fylgjer planforslaget vert vurderte som av positiv eller ubetydeleg konsekvens, vert det konkludert med at den samla konsekvensen vil vera noko negativ.
Det er rett over midten på skalaen som er brukt, ein skala som spenner mellom stor positiv konsekvens ytst på eine sida til kritisk negativ konsekvens på den andre sida.