


Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Oppdrettsgigantane er utolmodige og håpar på eit eige «kraftløft» for utvikling av areal i sjø.

Cecilie Hellestveit har ein viktig bodskap til bedriftseigarar på Vestlandet.

Statsforvaltaren står fast på at det var riktig å setja ein stoppar for fleire oppdrettssøknadar i Hardangerfjorden, men møter motbør frå næringa.

Men dagleg leiar Marit Buttingsrud ser lyst på framtida til Hardanger Bygdeysteri.

I fjor haust spekulerte mange i om Haugarvoll-familien var i ferd med å selja Lingalaks til ein større aktør i oppdrettsnæringa. Men salsprosessen vart avblåst, og no fortel Erlend Haugarvoll om planane vidare.

Hotellsjef Trine Utne-Bacorn har lagt bak seg eit hektisk halvår på Brakanes Hotel. Ho avslører at det er spesielt éin ting som har endra seg hjå gjestane.

Internasjonale Innovex kjøper opp selskap fra Vestlandet, som har utviklet en glassplugg innen oljenæringen som har blitt verdenskjent.

Fotograf Ingerid Jordal merkar at kvardagen som sjølvstendig næringsdrivande har blitt meir krevjande.

– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.
– Den type kundar som Ukraina representerer har kort tid til å bestemma seg og må ha eit system som er klart. Me prøver å dra nytte av at me framleis er eit lite selskap som kan snu oss fort, og det gjeld også dei me samarbeider med, seier dagleg leiar og medgrunnleggjar i Kitemill, Thomas Hårklau.
Etter å ha jobba med utviklinga av luftboren vindkraft i over 20 år, har Kitemill det siste året dreia fokuset frå rein energiproduksjon over til forsvarsevne og beredskap.
Dét kan visa seg å ha vore eit sjakktrekk, både for tryggleiken i Europa og omstillinga til grøn energi.
– Dei siste par åra har me opplevd at investorar har blitt meir og meir fokuserte på tryggleik. Nokre var så direkte at dei sa til oss at me måtte koma oss inn i forsvarssektoren, for det er dit alle pengane går no, seier Hårklau.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.