– Kjekt å sjå at det kjem fleire jenter
Hjå Lid Jarnindustri er dei ikkje uroa for tilgangen på framtidig arbeidskraft.

Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 26.11.2025 05:30

– Eg synest det er veldig kjekt å få vera her to dagar i veka i staden for å berre vera på skulen, seier Emilie Kvandal. 17-åringen går andre året på Kvam vidaregåande skule og er i ferd med å utdanna seg til å bli industrimekanikar.
Dette skuleåret er ho ein av fire elevar som er utplasserte hjå Lid Jarnindustri to dagar i veka.