Loading
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

«Bu Museum. Aamund K. Bu sine samlingar» er i ferd med å smuldra bort. Dersom det skjer, vil det vera ein gedigen kulturskandale. Det må ikkje skje!
Det er 48 år sidan fem kommunar, Ullensvang, Odda, Ulvik, Granvin og Eidfjord, inngjekk avtale om framtida for Bu Museum med etterkomarane etter Aamund K. Bu. På trass av ei rekkje veldig ambisiøse og framtidsretta planar har veldig lite og inkje skjedd i denne perioden. Tvert om. Og no står den eineståande samlinga i fare for å verta smuldra bort og spreidd for alle vindar.
I skøytet av 1978 overdrog eigarane eigedomen der muséet står - til dei fem kommunane (som eig Hardanger Folkemuseum). Her står det mellom anna at muséet ikkje skal flyttast frå Bu. Og ting som høyrer til på muséet, skal som hovudregel ikkje lånast ut eller flyttast varig. Kommunane har heller ikkje rett til å selja eller overdra Bu Museum.
Det er mange år sidan den eineståande samlinga av bringklutar vart flytta til Utne. Andre ting/samlingar har og vorte flytta, mellom anna på grunn av ulemper i samband med bygging av Hardangerbrua. Heilt sidan avtalen tredde i kraft (1979) og til dags dato, har det vore ei rekkje med planar, møte, brevvekslingar m.m. Men muséet kom aldri i drift att.
Ein av etterkomarane, Astrid Røte, summerer de slik:
«Siden midten av 1980-tallet, har familien oppfordret ansvarlige om å ta ansvar for museet, for å forhindre forfall. Både muntlig, skriftlig, i møte, og politisk. Responsen har alltid vært en ny planleggingsprosess.»
Og den prosessen er både lang og innhaldsrik. Eg tek med her berre nokre få punkt:
I håp om å berga det som bergast kan og atterreisa Bu Muséum er me no i ferd med å skipa eit venelag.
For ei tid sidan sende me eit todelt brev om framtida for Bu til samtlege kommunstyrerepresentantar og ordførarane i eigarkommunane. EIN EINASTE av dei (Terje Kollbotn) svara. Han tok til og med kontakt. Han hadde teke brevet opp i spørsmål til ordføraren. Etter det eg har fått høyrt, er innstillinga i Ullensvang at dette fyrst og fremst er ei sak for Eidfjord kommune. Viss det stemmer, er det på sin plass å slå fast, at sjølv om grensejuseteringar har «flytta» denne delen av Bu over til Eidfjord kommune, så er Ullensvang den største av noverande eigarkommunar. Kommunen eig nemleg 2/5, medan dei tre andre eig 1/5. Ullensvang kommune har så visst noko med dette å gjera. Og no er det i gang ein prosess for avvikling.
Som sagt veit eg lite om kor saka står. Men eg vil koma med ei oppmoding. I skøytet av 1978 står det mellom anna: «Kommunane har heller ikkje rett til å selja eller overdra Bu Museum». Kommunane kan ikkje overdra, men dei kan overta muséet, kjøpa ut arvingane og syta for ny, framtidsretta drift av muséet.
Og her kjem me inn. Venelaget for Bu Museum vert skipa fyrstkomande tysdag den 30. juni. Dette møtet er ope for alle.
Me ser det som særs viktig at me får til eit godt samarbeid, både med etterkomarane etter Aamund K. Bu, Hardanger Folkemuseum/HVM og Eidfjord kommune som ny vertskommune for muséet. Aamund K. Bu sitt minne, må atterreisast! Tenk på alt det han sette i gang!
Johannes H. Sekse
(Leiar i interimsstyret for Venelaget Bu Muséum)
«I håp om å berga det som bergast kan og atterreisa Bu Muséum er me no i ferd med å skipa eit venelag», skriv Johannes H. Sekse i dette lesarbrevet.