Beredskap: – Me kjenner vel alle på at djup fred er avløyst av noko anna og kanskje meir skremmande
Kan det me har mellom øyrene vera vel så viktig som eit beredskapslager i kjellaren dersom ei krise inntreff? No skal fleire samfunnstoppar samlast i Odda for å diskutera kva rolle kulturen spelar for motstandskrafta i samfunnet.


– Samfunnet me lever i no følest hakket meir utrygt og utstabilt enn det gjorde for berre få år sidan, seier Tora Døskeland, programrådgjevar ved Sentralbadet litteraturhus i Odda.
Ho listar opp auke i forsvarsbudsjett, krig i Europa og ein uforutsigbar amerikansk president som nokre årsakar til at beredskap har blitt noko dei fleste av oss har tenkt meir på i det siste.
Med bakgrunn i dette vart ideen til ein debattserie som set beredskap i samanheng med kritisk tenking fødd.
Beredskap for hovudet
– Samstundes som me oftare og oftare høyrde om vasskanner i kjellaren og fyrstikker, sakna me ein diskusjon som handlar om ein annan type beredskap, nemleg samtalane me har oss i mellom. Ein beredskap for hovudet, seier Døskeland.

I denne samanhengen ville styret ved litteraturhuset prøva å finna ut kva rolle kulturen, i brei forstand, spelar for samfunnet si motstandskraft.
Døskeland nemner evne til kritisk tenking og ungdom si leseevne som døme på ein type beredskap som ikkje er like konkret som eit beredskapslager ståande i ein bod.
– Då totalberedskapsmeldinga frå regjeringa kom i vår, blei det tydeleg at beredskapstanken skal gjennomsyra langt fleire delar av samfunnet enn forsvaret. Men me fann ikkje andre kulturaktørar som hadde plukka opp ballen, og bestemte oss for å gjera det sjølve, seier ho.
Resultatet er debattserien Motstandskraft som blir lansert under Litteratursymposiet i Odda torsdag denne veka.
– Kva annan stad er meir naturleg for ein diskusjon om motstandskraft enn Odda? Ein liten by på vestlandet som har kritisk infrastruktur i form av kraftproduksjon og industri, som er van med unntakstilstand og ras, seier ho.
Vi må kunne snakke saman. Vi må ha diskusjonar og debattar som er fruktbare og får oss vidare, sjølv om vi kanskje er sterkt usamde i sak. Vi må kjempe for å halde oppe ein sunn usemjefellesskap.
Kjelde: Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030), Kultur- og likestillingsdepartementet
Mykje kunnskap
Det vart raskt klart for programkomiteen at det finst mange kloke hovud frå Odda med jobbar på høgt nivå innan både juss, beredskap og medieforsking.
Til det fyrste arrangementet som har fått tittelen «Sett krisestab», kjem politimeister i Oslo politidistrikt, Ida Melbo Øystese, og direktør for Fritt Ord, Knut Olav Åmås, for å snakka om kva trusselbilete Noreg står ovanfor, og korleis befolkninga på best mogleg vis kan bygga motstandskraft i turbulente tider.
Allereie dagen etter fylgjer litteraturhuset opp med ein ny samtale om korleis me skal tenkja og handla for å bevara demokratiet i landet vårt når demokratiske rettar vert sett i spel over heile verda. Til denne samtalen kjem statsvitar Jette Christensen og jurist Anine Kierulf som begge er kjende frå det offentlege ordskiftet.
Samtalane som finn stad under litteratursymposiet denne veka vert leia av Hedvig Moe som tidlegare har hatt sentrale roller i mellom anna Økokrim og PST. No jobbar ho som advokat i Thommessen. Ho er òg styremedlem for Sentralbadet litteraturhus.

Moe seier ho opplever at folk ynskjer å bidra til å ta vare på Noreg og norske verdiar.
– Djupast nede er det dette beredskap og nasjonal sikkerheit dreier seg om. Så kjenner nok mange at det er krevjande å få fatt i kva ein kan gjera som enkeltmenneske, og kva ein meir konkret skal vera merksam på. Me skal freista å bidra til det, seier ho om debattserien.
Ho meiner både litteraturhus, bibliotek og andre stader folk møtest i kulturlivet er naturlege arenaer for å løfta denne type samtalar, og viser til at kulturminister Lubna Jaffrey òg drog fram at kultur spelar ei viktig rolle for beredskapen då ho deltok på litteratursymposiet i fjor.
Alvorleg trusselbilete
Hedvig Moe trur mange tenkjer på jodtablettar og vatn i kjellaran når dei tenkjer på beredskap og at det er viktig å førebu seg på krise eller krig der slikt vil vera aktuelt.
– Men beredskap er breiare enn som så. Det me ser rundt oss i dag med mogleg valgpåverknad i Europa og desinformasjon gjer til dømes at også kvardagen no er viktig å forstå og handtera. Me treng å vera beredt ein onsdag i oktober 2025. Og då må me freista å forstå kva som skjer og korleis me skal beskytta oss og Noreg, seier ho.
Hver og en av oss må forstå alvoret i situasjonen. Det krever at norske myndigheter tydelig kommuniserer hvilke trusler vi står overfor, og slik skaper større bevissthet om behovet for økt sikkerhet og beredskap i alle deler av samfunnet.
Kjelde: Nasjonal sikkerhetsstrategi
Sjølv trur ho at auka kunnskap om dei truslane som finst i seg sjølv kan bidra til å gjera Noreg tryggare:
– PST seier at dagens trusselbilete rundt oss er det mest alvorlege på lang tid, og me kjenner vel alle på at djup fred er avløyst av noko anna og kanskje meir skremmande. Så sånn sett kan ein seia at Noreg er mindre trygt. Samstundes trur eg ein er medviten om truslane på ein annan måte enn før. Trussel om spionasje og sabotasje frå Russland har til dømes vore i landet vårt lenge, men har blitt meir kjent dei siste åra, på eit vis.

Meir å gå på
I yrkeslivet jobbar Hedvig Moe mykje med nasjonal sikkerheit, noko ho påpeikar at også store delar av næringsliv og offentleg sektor i Noreg gjer. Her trur ho det er meir å gå på når det gjeld å tenkja på kultur, litteratur og ordskifte som del av dette arbeidet.
– Det handlar om at me som jobbar med sikkerheit og beredskap i det daglege må bli flinkare til å tenkja breiare når det gjeld kva arenaer me skal nå fram til folk i og ta i bruk dei møteplassane som finst innan kultursektoren, slik som til dømes biblioteka.
På den andre sida har også dei som jobbar innan kulturlivet eit ansvar, meiner Moe:
– Det er viktig at dei som jobbar med kultur også strekkjer seg litt utanfor dei vante arenaene og samarbeidspartnarane. Det er lett for at ein brukar dei same folka som ein har brukt tidlegare og diskuterer seg imellom, men det er veldig spennande viss ein får inn nokon med ein litt annan bakgrunn og innfallsvinkel enn frå kulturfeltet.

Ho trekkjer også fram kor viktig det er med fysiske møteplassar i ei digital tid når ein skal få til eit godt ordskifte som opnar for ulike standpunkt.
No håpar ho den nye debattserien til litteraturhuset vil lukkast med å trekkja linjer mellom samfunnsdebatt og kultur, og beredskap og nasjonal sikkerheit.
– Eg har verkeleg trua på at kjennskap til forteljingar og andre synspunkt i lag med eit godt ordskifte er viktig for at me skal ta vare på vår nasjonale sikkerheit, ved å byggja kraft til å stå imot det som kan skada oss, seier ho.
– Riktig å setja inn støtet no
Programrådgjevar ved litteraturhuset, Tora Døskeland, fortel at ho har fått mange gode tilbakemeldingar etter lanseringa av debattserien.
– Her er det tydeleg at me har starta ein samtale som fleire har sakna, og vil hiva seg på. Ein heil gjeng av samfunnstoppar innan juss, beredskap og medier har vore entusiastiske over kva me set i gang i Odda og er snart på veg med Haukeliekspressen, seier ho.

Sjølv ser ho fram til å høyra alle dei inviterte snakka om det å jobba tett på trusselbilete og utfordringar.
– Dei har tenkt mykje og klokt om kva som er viktig for samfunnet. Eg gler meg til å tenkja nytt, læra noko nytt og til å vera med i den viktige offentlege samtalen om korleis motstandskraft vert bygd i hovuda våre.
Debattserien held fram utover hausten og vinteren.
– Det kjentest viktig og riktig å setja inn støtet på dette no, og me håpar sjølvsagt at så mange som mogleg kjem til Odda for å høyra på, både denne veka, men òg utover hausten, seier ho.
Det vil også bli gjort opptak av nokre av arrangementa med tanke på seinare distribusjon til eit større publikum.