Mykje eple reddar fruktsesongen
Fruktprodusent Vidar Fleten i Ulvik ser lyst på eplehausten. Men plommer vart det lite av i år.


– Det er det dårlegaste året me har hatt for plommer på lenge, seier Vidar Fleten som er fruktbonde på fulltid i Ulvik.
Kaldt vêr i bløminga er ein av grunnane til den dårlege avlinga, men Fleten fortel om ein annan luring som skapte hovudbry for fleire plommedyrkarar i Hardanger i vinter:
– Det var mange som sleit med dompap som kom og åt knoppane på plommetrea, og det er det litt vanskeleg å verna seg mot. Nokre prøvde seg med å setja ut mat til han eit stykke unna felta, men eg er usikker på om det hadde så mykje effekt.
Han legg til at vêret på seinsommaren heller ikkje spelte på lag med plommedyrkarane, då ein lang tørkeperiode vart etterfølgd av mykje regn, ein kombinasjon som forsterka eit dårleg utgangspunkt med få plommer å hausta.
Grei morellavling
På garden i Ulvik dyrkar Vidar Fleten eple, plommer og morellar.
Når det gjeld sistnemnde karakteriserer han sesongen som relativt god sjølv om det samla sett vart ein del mindre enn ein rekna med på førehand:
– Det kan vera bløminga starta litt for tidleg, med det resultatet at det vart færre blomar.
Det vert støtta opp av Grøntprodusentenes samarbeidsråd som opplyser at resultatet på Vestlandet enda rundt 500 tonn, medan prognosen var på 700 tonn.
Fleten fortel at både kirsebærfluge og raudfottege har blitt eit aukande problem for alle som dyrkar morellar, og ved NIBIO i Ullensvang er forskarane urolege for at kirsebærfluga som kom til Vestlandet på 1990-talet kan bli eit stort problem framover.
Gunnhild Jaastad ved NIBIO forklarar at fluga legg egg i morellane, og når larvane utviklar seg blir bæra umoglege å selja.
– Me forventar at problemet blir endå større neste år fordi det plantevernmiddelet som tidlegare har blitt brukt mot dette skadedyret då vil forsvinna, seier ho.

Sjølv om det finst feller som har god effekt mot kirsebærfluge, må ein opp i eit stort antal for at dei skal gje god nok verknad.
Ved å dyrka moreller i tunnel med insektnetting kan ein stengja kirsebærflugene ute, men ein risiko ved det er at ein også då stengjer ute dei insekta som er nyttige.
NIBIO i Ullensvang har no eit prosjekt gåande som mellom anna undersøkjer denne problemstillinga.
I Ulvik dyrkar Vidar Fleten morellar i eit 25 år gamalt plantefelt med trestrengar som ein heng plast over. Han har planar om å rydda og planta nye tre etter kvart, men i påvente av det har han hatt ein del sjølvplukk av moreller.
– Sidan det er eit gamalt felt, har storleiken på morellene gått nedover, og då er det ikkje alt som eignar seg til vanleg sal. Difor har eg opna for at folk kan koma å plukka her sjølve, og det har vore veldig populært. Det kjem tilreisande frå nær sagt heile landet, fortel han.
Frykta rognebærmøll
Fleten er no i full gang med innhaustinga av eple.
– Det ser veldig bra ut. Eg er heilt i slutten på å hausta Discovery, og det er mykje flotte eple. Det er fleire som seier det er ein god eplesesong med lite feil på epla i år.
Han seier fleire epleprodusentar han har snakka med var redde for angrep av rognebærmøll i år, men at det ser ut som dei har greidd å halda det unna med bruk av anten naturleg eller kjemisk sprøyting.

Gunnhild Jaastad ved NIBIO Ullensvang seier at rognebærmøll har vore eit problem i alle fruktdistrikt i Noreg i år. Forklaringa er at når det ikkje er nok rognebær, legg møllen egg i epla i staden.
I år har difor fleire epleprodusentar fått dispensasjon til å bruka eit plantevernmiddel som ikkje er godkjent lenger for å hindra at heile avlingar har gått tapt.
Generelt er det strengare reglar i Noreg enn i EU når det gjeld kva som er tillete å bruka og ikkje, men sjølv plantevernmiddel som er tillete å bruka kan vera vanskelege å få tak i fordi det er lite attraktivt å importera dei til ein så liten marknad som den norske.
– Rognebærmøllen etablerer seg på nytt kvart år, og viss du ikkje har tiltak å setja inn kan du mista heile avlinga, seier Jaastad.
Ho seier forklaringa på at eit plantevernmiddel ikkje lenger blir godkjent for bruk, gjerne heng saman med at det kan ha påverknad på vasslevande organismar.

Mykje eple
Grøntprodusentenes samarbeidsråd melder at det ligg an til å bli ein eventyrleg eplesesong også når ein ser landet under eitt.
– Me trur det kjem inn på 12 000 tonn eller betre, opplyser fruktlagerinspektør Leif Øie som også påpeikar at det ser ut som produsentane har lukkast med sprøytinga mot rognebærmøllen.
Alt i alt er Vidar Fleten nøgd med årets fruktsesong.
Han seier det alltid er ein risiko med plommer, medan moreller og eple er meir stabile.
– Med plommer er det store toppar og låge dalar. Moreller er meir jamne og ikkje utsett for vekselbering med varierande mengd frukt frå år til år. Eple klarar seg òg greitt så lenge det er greie forhold gjennom bløminga, seier han før han held fram med å hausta frå dei bugnande epletrea i Ulvik.