Openhjartig Valgerd: – Då eg var 18-20 år hadde eg slike tankar sjølv
Valgerd Svarstad Haugland har for lengst lagt bak seg skuffelsen over å mista tilliten som statsforvaltar. No brukar ho energien på styreverv og viktige hjartesaker.
Valgerd Svarstad Haugland reiser «på hytta» i Norheimsund så ofte ho kan. Etter at ho vart styreleiar i Fosse-stiftinga har det blitt endå fleire turar enn før.
Valgerd Svarstad Haugland har ein lang karriere bak seg, både i politikken og seinare i 13 år som statsforvaltar.
I 1995 vart ho historisk då ho vart vald til Kristeleg folkeparti sin fyrste kvinnelege partileiar. Sidan har ho vore med på oppturar og nedturar, seinast då ho for vel eitt år sidan måtte gå på dagen som statsforvaltar for Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus etter å ha fått beskjed om at statsråden ikkje lenger hadde tillit til ho.
– Eg er fly forbanna, .
Men det har ho altså rista av seg.
– Det var berre barnemat i forhold til det eg har opplevd tidlegare, .
Nok å gjera
No er ho heime i Hardanger ein tur i samband med møter i Fosse-stiftinga, der ho overtok som styreleiar i mai i fjor.
– Eg synest jo det er kjekt å ha noko å gjera når du plutseleg ikkje skal gå på jobb lenger kvar dag, og det fører jo til at me er oftare her i Hardanger enn før, fortel ho.
At Noreg har fått ein nobelprisvinnar som skriv på nynorsk, er stort for den tidlegare kulturministeren.
– Han betyr mykje for Noreg, og han betyr sjølvsagt mykje for Strandebarm. Men òg for Kvam herad og Vestlandet og nynorsken. Det er mange ting som gjer at eg synest med skal ta vare på den arven han stadig vekk gjev oss, seier ho.
I tillegg til å vera styreleiar i Fosse-stiftinga, har Valgerd ei rekkje andre styreleiarverv som held ho i sving, alle innan kulturfeltet.
Med fem barnebarn og tre bonusbarnebarn som bur i nærleiken av heimstaden på Stabekk i Bærum, har ho mykje å fylla dagane med.
– Og så er eg med i Bærum mållag, det er faktisk eit veldig aktivt mållag, fortel ho.
Valgerd vart tidleg engasjert i Krf og har eit nært forhold til Den norske kyrkja. Ho har mellom anna vore kyrkjeverje i Oslo, og fortel at ho alltid nyttar høvet til å gå på gudsteneste når ho er i Norheimsund. Foto: Kirkens informasjonstjeneste
Eit lite spark til lokalavisa
Sjølv om det kan verka som ho har nok å gjera i kvardagen heime på Austlandet, er Valgerd godt oppdatert på det som skjer i Kvam gjennom å abonnera på Hordaland Folkeblad.
Men det er ikkje alltid ho er like nøgd med det ho les.
– Det er ein del syting og klaging, både for det eine og andre. Men det var det no sikkert før også, seier ho.
Også redaksjonelt har ho hatt litt å utsetja på lokalavisa.
– Eg synest «Skåralappen» har via veldig lite tid til Fosse-stiftinga og det me jobbar med. No har me levert inn ein søknad til Kulturdepartementet om å få byggja eit bygg i Strandebarm, og eg hadde jo håpt at dei skulle vera litt meir entusiastiske til det prosjektet me har. Eg håpar dei kanskje kan bli det snart, seier ho.
Sjølv om ho er klar over diskusjonane som har vore om interessekonflikter og val av tomt for det nye Jon Fosse-senteret, meiner ho at det no er tid for å sjå framover.
Fosse-stiftinga kjøpte i 2021 bedehuset på Fosse, og gjorde det om til eit kulturhus som formidlar Jon Fosse sitt forfattarskap. Valgerd kom inn som styreleiar i stiftinga i mai 2025 og saman med resten av styret jobbar ho no for å få realisert planane om å etablera eit Jon Fosse-senter i Strandebarm.
– Eg veit det er ein historikk her som eg ikkje skal rippa opp i, men som eg forstår at nokon reagerte på. Det er rydda opp i, og då synest eg ein skal sjå litt med blanke ark på det som skjer og vera glad for at det er nokon som tek på seg jobben med å laga eit Fosse-senter i Strandebarm. Det gjer seg ikkje sjølv, seier ho.
Etter at podkasten vart spelt inn, melder Valgerd om at ho har blitt intervjua av lokalavisa og ser positivt på dialogen vidare.
– Eg forstår det ikkje
Som politikar har Valgerd stått i fleire debattar og vore van med høgt medietrykk. Etter at åra som statsforvaltar var over, stod ho igjen fritt til å uttrykkja det ho meinte då Krfu-leiaren i fjor haust løfta debatten om likestillinga og kjønnskvoteringa i Noreg hadde gått for langt.
For i denne saka måtte kvinna som personleg stod bak lovforslaget om å innføra kjønnskvotering då ho var statsråd i den fyrste Bondevik-regjeringa, seia klart ifrå.
Valgerd blir oppriktig bekymra når ho ser unge kvinner skriva at det er heilt naturleg at kvinner ynskjer å bli forsørga.
Sjølv meiner ho tvert imot det er heilt naturleg at kvinner i dag ynskjer å stå på eigne bein.
– Det betyr ikkje at me ikkje tar vare på familiane våre, men me veit jo aldri kva som skjer med oss. Ein ting er skilsmisse, men det kan vera dødsfall, det kan vera mange ting som gjer at du må stå på eigne bein. Det eg ikkje forstår heilt, er at ikkje ein ser lenger enn.., seier ho og tek ein liten pause før ho held fram:
– Veit du, då eg var 18-20 år hadde eg sånne tankar sjølv. Men eg kom veldig fort på andre tankar. Grunnen til at eg fekk dei tankane var fordi eg var på nokre leirar der dette blei forkynna. Dei hadde nokre argument som liksom var logiske, og viss du då ikkje tenkjer litt meir enn det du høyrer der… Det tok ikkje lang tid før eg var ute av bobla, men eg forstår at det går an å gå inn i den bobla, seier ho og viser til at barnefamiliar i dag lever med eit konstant press om å prestera på alle frontar.
– Kvardagen for småbarnsfamiliar i dag er meir hektisk enn då mor mi var heime med oss fem. Men løysinga er ikkje å gå tilbake til slik det var då mor mi var heime med fem born, seier ho.
Valgerd Svarstad Haugland har halde på humøret og engasjementet, sjølv om ho har vore gjennom fleire tøffe periodar i løpet av yrkeskarrieren.
Har det bra no
Tida før jol i 2024 vart alt anna enn roleg for Valgerd. Sjølv om åremålet som statsforvaltar gjekk ut ved årsskiftet, hadde ho søkt og var innstilt på å bli verande som konstituert statsforvaltar fram til Jan Tore Sanner skulle overta i august 2025.
Slik vart det som kjent ikkje.
Valgerd måtte gå på dagen etter at det vart avdekt feil i handsaminga av 123 saker som gjeldt tvangsmedisinering, noko ho som statsforvaltar hadde det øvste ansvaret for.
I podkastepisoden fortel ho meir om det som skjedde, og om fortvilinga ho kjende når ho fekk beskjed frå statsråden om at ho ikkje lenger hadde tillit, sjølv om ho i lang tid hadde peikt på ressursmangel og åtvara om følgjene av det.
– Eg var jo ueinig i avgjerda, men eg kunne ikkje gjera noko med det, seier ho.
Sjølv om ho måtte bruka litt tid på å forsona seg med at jobben som statsforvaltar fekk ein annan slutt enn ho kunne ønskt seg, har ho greidd å leggja det bak seg.
– Då eg måtte forlata leiarvervet i Krf hadde eg mykje meir konflikt med meg sjølv. Det å gå ut av politikken fordi du ikkje har tillit lenger var for meg eit mykje større nederlag, og eg brukte lang tid på å bearbeida alt eg opplevde då den gongen, fortel ho.
Men ho innrømmer at ho fekk ein reaksjon etter pressekonferansen om avgangen hennar i desember 2024.
– Då eg måtte gå av som Krf-leiar grein eg frå talarstolen, og det skulle eg i alle fall ikkje gjera denne gongen. Men då eg kom heim i sofaen byrja eg å grina, fordi eg syntest det var sabla urettferdig, fortel ho.
Høyr Valgerd fortelja meir om saka som gjorde at ho måtte gå av som statsforvaltar, hennar politiske karriere og kva tankar ho har om utviklinga i Norheimsund og resten av regionen i den nye episoden av Hardangerfolk som du finn her.