Oppdrettsnæringa: – Me treng statlege tilskotsordningar
Både fagfolka, oppdrettsnæringa og politikaren i panelet var einige om at det hastar å få ned utsleppa til Hardangerfjorden. Men på kort sikt er det spesielt éin ting det er viktig å få bukt: lakselusa. I Eide fjordbruk har dei funne løysinga.

Biolog og seniorrådgjevar i Eide fjordbruk, Geir Helge Johnsen, tok ordet under panelsamtalen på Hardanger.no sin temalunsj om tilstanden i Hardangerfjorden. Her fortalde han mellom anna om oppdrettsløysinga dei har utvikla, Watermoon.
Selskapet er no inne i sin andre fullskala produksjon i merda som ligg utanfor Varaldsøy, der det står 400 000 fisk.
– Anlegget er heilt tett, men det er ikkje ein lukka sak. Det går 45 000 kubikk med vatn inn og ut i timen, så det er eit gjennomstrøymingsanlegg, fortalde han.
Vatnet som kjem inn i anlegget hentar dei frå 70 meters djup, der det ikkje er levedyktige forhold for lakselus. På den måten har dei fått bukt med det største problemet for fiskevelferda, nemleg lusebehandling.
Vatnet som vert sleppt ut vert rensa for slam, fiskefôr og dei største partiklane av næringssalt. Johnsen opplyste om ein rensegrad på rundt 20 prosent for nitrogen og 40 prosent på fosfor og karbon.
Johnsen synest utviklinga framover er spennande.
– For oppdrettarane betyr det at ein kan ha dobbelt så mykje produksjon i eit slikt anlegg som i eit ordinært anlegg, med det same klimaavtrykket.
Etter hans syn må staten meir på banen for å sikra ei raskare omstilling i oppdrettsbransjen, i form av statlege tilskotsordningar.
Sjå heile panelsamtalen i videoen øvst i artikkelen.