Hardanger logo
Publisert for 19 dagar sidan

Siv Fossåskaret sitt nye liv: – Eg saknar ikkje å stå opp klokka fire om morgonen!

Etter at den røynde radioprogramleiaren valde å ta sluttpakke har det blitt merkbart mindre hardingdialekt å høyra på lufta i Vestland. Sjølv står Siv Fossåskaret stødig i valet om å gje seg etter 35 år i NRK, trass i at det skjedde midt i den tyngste perioden ho har opplevd i livet.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 10.10.2025 06:30
Siv Fossåskaret
Siv Fossåskaret har funne seg til rette med ein kvardag utanfor NRK. Hunden Milo har vore ei god støtte det siste året, etter at ho mista ektemannen Terje.

– Det er ein forbaska sjukdom altså.

Siv Fossåskaret fortel om kreftdiagnosen ektemannen fekk påvist for snart eitt år sidan, og som han døydde av kun få månadar seinare.

Midt i sorgen skulle ho ta stilling til om ho skulle søkja på sluttpakke frå jobben gjennom 35 år.

Ho bestemte seg for at tida var inne.

– Eg var redd for å enda opp som ei sur gamal kjerring som meinte alt var betre før, seier ho.

Hunden Milo har vore ei god støtte for Siv i tida etter at ektemannen gjekk bort.
Siv Fossåskaret trivst godt i leilegheita på Laksevåg i Bergen. – Det er ein gamal industristad dette også, seier ho og trekkjer parallellar til barndomsbygda Ålvik.
Siv trivst godt i leilegheita på Laksevåg i Bergen og trekkjer parallellar til industribygda Ålvik der ho vaks opp.
Med utsikt rett mot innseglinga til Bergen, er det alltid noko å sjå på. Denne dagen ligg kongeskipet til kai på Laksevåg, i bakgrunnen kjem Hurtigruten inn.

Gleder og sorger