Hardanger
Publisert for om omtrent elleve timar

Sjå bileta før og etter: Budsjettvennleg forandring

I haust deler Anne Karin Djupevåg, som står bak instagramkontoen ak_interiorhjelp, tips til små og store interiørprosjekt i heimen.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 13.09.2025 14:45
Ny stove med enkle grep.
Nytt uttrykk med enkle grep. Sjå før og etter-bileta frå huset ved fjorden.

– Fargane me omgjev oss med påverkar korleis me har det i kvardagen. Dei kan lyfta oss opp, roa oss ned og gje oss ei kjensle av tryggleik og harmoni. Eller dei kan fylla oss med energi og kreativitet, seier Anne Karin Djupevåg.

Då ho skulle modernisera huset familien flytta inn i, måtte ho tenkja enkle og budsjettvennlege endringar som gav stor effekt.

I stova og kjøkenet bestemte ho seg for å ikkje gjera anna enn å byta farge på veggane, sidan det ikkje var meir som skulle til for at romma skulle framstå som lunare og meir tidsriktige.

Før: Kvite veggar og tak, med markerte lister og karmar i grått.
Før: Stova slik ho var i utgangspunktet, med kvite veggar og tak og markerte lister og karmar i grått.
Etter: Veggar, lister og karmar er måla i same farge for å skapa ein heilskap.
Etter: Veggane i stova er måla i fargen 10579 Complexion. For å skapa ein heilskap er den same fargen brukt på listene også.
Stova før
Før: Stova frå ein annan vinkel før oppussinga.
Stova etter
Etter: Stova etter oppussinga. Legg merke til at Anne Karin har behelde ein kontrastfarge i glaskarmane for å bryta opp. Fargen ho har brukt heiter 9938 Dempet Sort.
Etter
Etter: Legg merke til korleis dei mørke glaskarmane glir inn med resten av interiøret.
Før
Før: Kjøkenet før oppussinga.
Kjøkenet i dag
Etter: Kjøkenet er måla i den same fargen som stova, 10579 Complexion. Anne Karin har også her lagt vekt på heilskap i rommet, mellom anna ved å måla muren bak vedomnen i same farge som veggane.
Omnen på kjøkenet har også fått eit strøk måling. Her har Anne Karin brukt Pure & Original Elements måling i fargen Bronze.
Omnen i hjørnet av kjøkenet har også fått eit strøk måling. Her har Anne Karin brukt Pure & Original Elements måling i fargen Bronze.
Før: Peisen
Før: I stova er ein stor peis som lagar ei naturleg sone i det opne rommet.
Etter: Peis og veggar i same farge.
Etter: Muren rundt peisen er, som på kjøkenet, måla i same farge som resten av veggane.

Til andre som flyttar inn i nytt hus eller kjenner behov for endring der dei bur, har Anne Karin fylgjande råd:

– Det er viktig å sjå bustaden under eitt og ha ein heilskapleg plan. Ein må tenkja på at alle som bur der skal trivast, store som små.

Det er spesielt viktig viss ein til dømes let ungane bestemma heilt sjølve korleis dei vil ha det.

– Då er det viktig med god rettleiing, slik at ein tenkjer på at det ein gjer skal stå seg over tid og harmonera for alle som bur der, seier ho.