Skal forska på effekten av tiltak for villrein
Regjeringa har føreslege fleire tiltak som skal betra situasjonen for villrein, men det er usikkert kva verknad dei har. No skal forskarar finna ut meir.


Forskarar frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NBMU), Telemarksforsking og NTNU har fått 12,5 millionar kroner av Forskingsrådet til å forska på effekten av både gjennomførte og planlagde tiltak.
Norsk villreinsenter, Miljødirektoratet, DNT, Moskusguiden og Hafslund Kraft er òg med i prosjektet, som skal gå over fire år.
– Me veit mykje om kor villreinen bevegar seg i fjellet, men for lite om effekten av tiltaka som skal hjelpa reinen, seier seniorforskar i NINA, Vegard Gundersen som er prosjektleiar for forskingsprosjektet.
Han fortel at dei går i gang med arbeidet dei no har fått midlar til tidleg i 2026.