Sprikande planar for naturmangfald i Hardanger
Berre Eidfjord kan skilta med ein eigen kommunedelplan for naturmangfald i Hardanger. – Eit viktig verktøy i arealplanlegging, seier ordførar, Timo Knoch.


Planen i Eidfjord kom av at kommunen vart plukka ut til å vera med på eit pilotprosjekt som Miljødirektoratet gjennomførte i perioden 2016-2018.
Bakgrunnen for pilotprosjektet var Stortingsmeldinga St. 2014 (2015-2016) «Natur for livet», som er ein handlingsplan for naturmangfald.
Etter dette vart Eidfjord plukka ut som ein av 10 norske kommunar som utarbeidde eigne kommunedelplanar for naturmangfald.
Våren 2020 vart alle kommunane i Noreg inviterte til å søkja tilskot frå Miljødirektoratet til å laga naturmangfaldsplanar, og Eidfjord var då ein av tolv kommunar som fekk tilskot etter å ha hausta gode erfaringar frå pilotprosjektet.
Internasjonal forplikting
Noreg har forplikta seg til internasjonale avtalar som seier at 30 prosent av naturen skal vernast og 30 prosent av all natur som er delvis øydelagd skal restaurerast innan 2030.
Men det er kommunane sjølve som bestemmer korleis dei skal forvalta areala sine og kva ulike areal skal brukast til.
I ein kvardag der eit stort fleirtal av norske lokalpolitikarar styrer kommunar med dårleg økonomi, hamnar dei stadig i diskusjonar om utvikling av næringsliv eller industri sett opp mot omsynet til urørt natur.

I fjor kartla NRK korleis store område i Noreg har blitt bygd ned bit for bit dei siste åra, og kor mykje areal som var sett av til utbyggingar som ikkje enno var realiserte. Ein parkeringsplass her, eit hyttefelt der, eller planar om nye industriområde - lista over større og mindre naturinngrep var omfattande.
Denne veka kom Norkart, på vegner av Miljødirektoratet, med ein ny rapport som viser at det i landet sett under eitt er planlagt over 15 000 nye næringsareal. Og øvst på lista tronar Vestland fylke.
– Dette viser endå ein gong at det er planlagt bit-for-bit nedbygging av store naturområde i Noreg. Eg oppmodar kommunane til å gjennomføra planvask og styra utbygginga mot grå areal. Regjeringa har sett i gang arbeidet med eit kart over grå areal som skal gjera det enklare å finna eigna areal, uttalte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen då rapporten vart lagt fram.

Direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, oppmoda kommunane til å lyfta blikket og tenkja regionalt:
– Alle kommunar treng ikkje nødvendigvis å ha sitt eige store næringsareal. Dersom alle kommunar byggjer ut sine eigne store næringsareal vil me mista mykje viktig natur og få store klimagassutslepp. Eg vil oppmoda kommunane til å sjå på tvers av kommunegrenser, og planleggja næringsareal i eit regionalt perspektiv.
Eigen plan i Eidfjord
I Hardanger er det altså berre Eidfjord som har ein eigen kommunedelplan for naturmangfald.
Denne vart vedteken i 2022 og skal fungera som ein rettleiar for administrasjonen og politikarane i arbeidet med å ta vare på naturen og sikra berekraftig bruk, eller som kommunen oppsummerer det på sine eigne nettsider: «Gje innsikt i det biologiske mangfaldet i Eidfjord og setja mål og tiltak for å forvalta dette på best mogleg måte.»
– Planen gjev oss eit kunnskapsgrunlag som me kan ta i bruk når me skal jobba med arealdisponeringar og sørgja for at nye tiltak som blir føreslegne blir konsekvensutgreidd, seier ordførar i Eidfjord, Timo Knoch.

Naturmangfaldsplanen vart vedteken før hans tid som ordførar, men han har lagt merke til at det generelt har blitt meir merksemd rundt arealdisponeringar:
– Etter at NRK publiserte Norge i rødt, hvitt og grått kom dette med arealpolitikk litt fram i lyset. Det viste at kommunane har behov for eit betre kunnskapsgrunnlag i arealforvaltning framover, seier han og legg til:
– Kommunane må ikkje vera redde for å ha ein slik plan, dei må sjå på det som eit verktøy.
Tilskot, men ingen plan enno
Ulvik blir i rangert som den sjette beste kommunen i landet når det gjeld å ta vare på naturen i Naturkampen 2025. Til samanlikning blir Eidfjord her rangert som nummer 257 av 357 kommunar.
Naturkampen er utvikla av miljøorganisasjonen Sabima og IT-selskapet Kantega, og vart lansert for fyrste gong i 2020.
Kort fortalt blir kommunane i Noreg målt på 32 ulike indikatorar fordelt på fem kategoriar, og rangert etter val dei har gjort som påverkar naturmangfaldet.
Ordførar i Ulvik, Jens Olav Holven, fortel at arbeidet med ein plan for naturmangfald i heradet starta opp i 2021:
– Planprogrammet er vedteke, innleiande medverknad er gjennomført og skriveprosessen er komen godt i gang. Men grunna avgrensa kapasitet og mange andre presserande oppgåver, har dessverre ikkje heradet greidd å ferdigstilla eit planutkast enno.

For å få fart på planprosessen igjen søkte Ulvik herad tidlegare i år Miljødirektoratet om tilskot til Kommunedelplan for naturmangfald og fekk i juni tilsagn om 400 000 kroner til dette arbeidet.
Akseptfristen for tilbodet frå Miljødirektoratet var 15. september, og heradet takka ja innan fristen. Kravet for tilskotet er at planarbeidet skal vera sett i gang i løpet av 2025.
– Heradet forventar at planarbeidet blir gjennomført slik at naturmangfaldsplanen kan vedtakast innan 31. mars 2027. Viss planprosessen krev litt meir tid som følgje av medverknadsprosessar, lengre høyringsperiode og den politiske behandlinga, skal kommunen varsla Miljødirektoratet om dette og senda inn ein forpliktande tidsplan som viser planlagt tidspunkt for vedtak og sluttrapportering, fortel ordføraren.
Kun overordna planar
Informasjonsrådgjevar i Kvam, Ole Kristian Grønneng, fortel at heradet tidlegare hadde ein miljøkoordinator som mellom anna jobba med oppfylging av energi- og klimaprosjekt.