Terje Breivik om livet utanfor politikken: – Vanvittig deilig å vera i fri dressur
Det er fire år sidan Terje Breivik vandra ut dørene på Stortinget for siste gong som venstrepolitikar. I jobben som direktør for Akvariet i Bergen dreg han både nytte av politisk erfaring og sjømannsblodet han har i kroppen.


– Eg hadde lyst til å vera leiar, fortel Terje Breivik om kvifor han enda opp som direktør for Akvariet i Bergen.
Denne veka er han gjest i podkastserien vår, Hardangerfolk, og her fortel han om gleda ved å få ei gruppe menneske til å fungera saman.
I direktørjobben har han ansvaret for å styra prosessen fram mot realiseringa av verdshavsenteret «O», der ein skal samla både Akvariet, Havforskingsinstituttet og høgare utdanning under same tak, med mål om å byggja eit verdsleiande kompetansemiljø som sikrar berekraftig bruk av havet i framtida.
Det er eit oppdrag han finn svært meiningsfylt:
– Havet er livsviktig for oss menneske. 70 prosent av oksygenet vårt kjem frå havet, og me veit altfor lite om kva menneskeleg aktivitet gjer med havet, seier han.

Sjømann i blodet
Engasjementet for havet og å finna gode løysingar for å ta vare på det, er noko han har arva.
Både farfaren og oldefaren hadde jobbane sine til havs, som fiskar og skippar. Og faren hans fylgde i deira fotspor.
– Pappa var skippar i utanriksfart, og før eg vart så gamal at eg tok sommarjobbar reiste eg med han kvar sommar. Så eg har eit halvt år fartstid til sjøs og var eigentleg fast bestemt på å verta sjømann, fortel han.
Men det var før idretten, og seinare politikken, tok han.
I den ferske podkastepisoden mimrar han tilbake til korleis det var å veksa opp i Ulvik under gullalderen på 70-talet, og avslører kvifor det ikkje er aktuelt for han å gjera bergensar av seg.

Hardangerfolk er Hardanger.no sin eigen podkastserie. Du finn episodane der du vanlegvis høyrer podkast.