Hardanger logo
Publisert for 17 dagar sidan

Tonje Såkvitne: – Privat kjenner eg meg nok mest som harding

I spørsmålsstafetten spør hardingar andre hardingar om kva som helst! Denne veka er det ordførar i Voss herad, Tonje Såkvitne som har fått stafettpinnen.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 31.10.2025 08:00
Hardanger.no
FLEIRE LAG: Tonje Såkvitne kan vera stolt vossing, men inst inne kjenner ho seg framleis som gravensar og harding. Her frå då ho gifta seg i hardangerbunad saman med ektemannen Kristian Ljones. Foto: Birgitte Horn

Det er snart seks år sidan Granvin og Voss vart slått saman til Voss herad. Kva har det gjort med identiteten til gravensarane?

For ordførar og gravensar, Tonje Såkvitne, har identiteten mange lag.

– Eg kjenner meg som gravensar inst, harding og vossing, vestlending og nordmann. Det vert umogleg å velja berre eitt av laga mine, og det er ulike settingar som dreg fram den eine eller den andre delen av identiteten min som tyngst. Privat kjenner eg meg nok mest som hardingen, som har ein spissfindig humor og ikkje er så glad i skryt. Medan i vervet mitt som ordførar lever eg veldig godt som vossing som er umåteleg stolt av bygda si og ikkje raudnar av ros eller er redd for å by på seg sjølv.

– Kva er dei viktigaste utfordringane Hardanger-regionen må løysa dei næraste åra, slik du ser det?