Trappar opp satsinga på fylkesvegane
Halvparten av fylkesvegnettet er allereie kartlagt med tanke på bereevne og kvalitet, no er det sikra midlar til å få oversikt over resten.


Det er Vestland fylkeskommune som melder at dei har sett av midlar som sikrar at kvaliteten på alle fylkesvegane i Vestland skal bli gjennomgått innan 2027.
Det er også sett av midlar til djupstabilisering av slitte vegar.
Så langt har fylkeskommunen fått oversikt over halvparten av fylkesvegane, og 25 prosent av desse har kritisk behov for forsterking.
– Med kartlegginga kan me prioritera dei dårlegaste strekningane og sjå gode, langsiktige resultat. Dette er også viktige klimatiltak i fylket, med reduserte utslepp av klimagassar og gjenbruk av massar, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, i pressemeldinga.
Nye metodar
I utbetring av vegane som er kartlagt til no blir det tatt i bruk nye metodar som skal gjera vegane stødigare i møte med både tungtrafikk og meir ekstremvêr, knusefresing og djupstabilisering.
Med knusefresing blir det øvste laget av vegen, inkludert gamal asfalt og større steinar, gjort om til ein meir stabil masse for nytt dekke og drenering.
Djupstabilisering er ein metode der det blir nytta bindemiddel og innblanding av pukk.
Også dreneringsevna til vegen er kritisk framover, med aukande ekstremvêr, flaum og nedbør. Oppgradering av stikkrenner, grøfter og kummar er difor også med i forsterkingsprogrammet til fylkeskommunen. Det same er utbetring av murar og vegkantar som sig ut.
– Klokt
– Dette er ei klok investering for framtida: å forlenga levetida på fylkesvegane våre og gjera dei i stand til å møta både klimaendringane og samfunnsbehova våre, uttalar Askeland.
Forsterkinga av fleire fylkesvegstrekningar er allereie i gang, mellom anna på fv. 576 i Strandebarm.
Om lag 164 millionar kroner er sett av til forsterkingsprogrammet i Vestland per 2025 og det er planlagd utbetring av til saman 40 km veg i løpet av 2026.
– Med kartlegginga ser ein også om det er skilnad på faktisk bereevne og den tillatne vekta på fylkesvegane og slitasje i dag, noko som er viktig for næringslivet og vegdrifta framover, skriv fylket i pressemeldinga.