Hardanger logo
Publisert for to månader sidan

Trur oppsamling av slam frå oppdrettsnæringa kan gje store verdiar

Med prosjektet Aquaphoenix skal forskarar finna ut korleis oppsamling av slam frå opne oppdrettsmerdar påverkar miljøet i fjorden. I slammet ligg det òg eit potensial for vidare verdiskaping.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 18.11.2025 09:15
PRØVETAKING: Forskarane tek regelmessige prøver av vassøyla i Hardangerfjorden for å ha eit samanlikningsgrunnlag når dei skal vurdera kva effekt oppsamlinga av slam har.
PRØVETAKING: Forskarane tek regelmessige prøver av vassøyla i Hardangerfjorden for å ha eit samanlikningsgrunnlag når dei skal vurdera kva effekt oppsamlinga av slam har. Foto: Einar Bye-Ingebrigtsen

– Teamet vårt gjennomfører regelmessige prøvetakingar av vassøyla i Hardangerfjorden, samt overvakingar av havbotnen før og etter at slamoppsamlinga startar, for å slå fast kor mykje avfall frå fiskeoppdrett som kjem tilbake til havmiljøet, seier Helena Hauss, sjefsforskar hjå Norce som har ansvar for å leia prosjektet.

I tillegg til forskarar frå Noreg, er forskingsinstitusjonar i Finland, Belgia og Nederland, samt aktørar frå norsk, svensk og finsk industri og oppdrettsbransje, med i fellesprosjektet som saman med å undersøkja miljømessige konsekvensar også handlar om vidareutvikling av teknologiske løysingar for å samla opp slam.