Vil ha meir forpliktande tiltak for villreinen: – Uroa for at det går feil veg
Betre vern av villreinen på Hardangervidda har lenge vore ei av Terje Kollbotn sine hjartesaker. No er Raudt-politikaren utolmodig og etterlyser meir handling for å betra dyra sine levekår.


– Eg meiner villreinmeldinga som var oppe på Stortinget i fjor ikkje gjekk langt nok i å konkretisera tiltak for å betra levekåra for villrein, seier Terje Kollbotn engasjert.
Stortingsmeldinga han siktar til vart godkjend i statsråd i april i fjor og presenterer regjeringa sin politikk for å gjera tilstanden for villreinen i Noreg betre.
I 2021 vart villrein for første gong klassifisert som nær truga på raudlista, utløyst av ein reduksjon i talet villrein som følgje av tiltak mot skrantesjuke. Raudlista er ei oversikt over artar som har risiko for å døy ut i Noreg.
Vi finn nesten 90 prosent av vill, europeisk fjellrein i Noreg, noko som gjer villreinen til ein norsk ansvarsart. Det betyr at Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på denne arten. Meld. St. 18 (2023–2024)
– Den samla belastninga for villrein er for stor. Dersom me skal lukkast med å snu den negative utviklinga og på sikt forbetra tilstanden til villrein, er det heilt avgjerande med ny og målretta politikk, med gode og kraftfulle tiltak. Det kjem vi med i dag, uttalte klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen då stortingsmeldinga vart lagt fram i fjor.
Ikkje godt nok
Men trass i over 50 føreslegne tiltak for å verna om villreinstammen i Noreg, meiner sjølvutnemnd "villreinminister", Terje Kollbotn, stortingsmeldinga er for vag:
– Det hjelper ikkje med fine ord viss det ikkje blir fylgd opp med handling.
Han er uroleg for at det han omtalar som "sterke kapitalkrefter" vinn fram hjå politikarar lokalt, og at bit for bit-nedbygginga av natur i sårbare område fortset.
Som vara i Energi- og miljøkomiteen og einaste representant frå Hardanger som per no har sjanse for å koma inn på Stortinget etter valet, ser han på det som ei viktig oppgåve å halda trykket oppe i saker som angår villrein på nasjonalt nivå:
– No er det jo sånn at villrein har ikkje røysterett, så eg har tatt på meg oppgåva å vera ein talsperson for dei.
Klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen (Ap), seier det er viktig å sjå villreinmeldinga og dei komande tiltaksplanane for kvart enkelt villreinområde i samanheng med kvarandre:
– Villreinmeldinga legg overordna føringar for korleis me kan forbetra tilstanden til villreinen i Noreg fram mot år 2100. Klima- og miljødepartementet jobbar no med tiltaksplaner for kvart av dei nasjonale villreinområda. Tiltaksplanane inneheld tiltak som er tilpassa utfordringane i kvart enkelt villreinområde og vil vera regjeringa sitt viktigaste verkemiddel for å snu den negative utviklinga og betra tilstanden for villreinen.

Uroa for omdømet
Med eit samla samla areal på 8130 km2 er Hardangervidda det største av 24 villreinområde i Noreg. Samstundes er det eit stadig meir attraktivt område for tilreisande.
– Me som har vakse opp og bur i området har gjennom generasjonar lært oss korleis me skal leva i pakt med villreinen. Men tilreisande sit ikkje på den same kunnskapen, og då blir det fort ei utfordring viss aktiviteten ikkje blir godt nok regulert, seier Kollbotn.
Han opplever at det kan vera stor skilnad på ord og handling når omsynet til natur blir stilt opp mot næringsutvikling, både lokalt og nasjonalt.
– Etter at Noreg skreiv under Montreal-avtalen i 2022 forplikta me oss internasjonalt til å ta vare på villrein. Det vil sjå dårleg ut for omdømmet vårt viss me ikkje greier å stoppa naturinngrep og aktivitet som gjev reinsdyra dårlegare vilkår.
Viktig sak å lyfta
Leiar i Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet, Samson Hamre, stadfestar at vilkåra for villreinen har blitt dårlegare dei siste åra.
Han peikar på menneskeleg aktivitet som hovudproblemet.
– Det største problemet for villreinen er at han ikkje får vandra fritt på fjellet på grunn av at det er mange folk som brukar stiane.

Han fortel at det beste beiteområdet er på sentralvidda, i området rundt Hårteigen og vestover i retning Sørfjorden. Dette er eit populært turområde med mange stiar som trekkjer til seg turglade folk frå inn- og utland. Sidan villrein skyr folk vert han fort ståande i aust der det ikkje er like godt beite. Og i område reinen står mykje, blir det fort opphoping av insekt og smitte.
Hamre støttar Terje Kollbotn i at det hastar å få på plass konkrete tiltak for å sikra betre vern av villreinen, men meiner utgangspunktet frå Stortingsmeldinga "Ein forbetra tilstand for villrein" som kom 5. april 2024 i var bra.
– Stortingsmeldinga var veldig viktig og nødvendig for å få dei nasjonale politkarane på banen. Der tok ein utgangspunkt i Statsforvaltaren sine tiltaksplanar som vart levert til Klima- og miljødepartementet i november 2023.
Desse tiltaksplanane vart produsert etter at det i 2020 vart innført ei kvalitetsnorm i alle villreinområde. Kvaliteten på kvart enkelt område vart vurdert ut frå ein trafikklys-modell.
Med unntak av eitt område vart alle villreinområda i Noreg markerte som anten gule eller raude, og for raude område var det krav om å laga tiltaksplanar.
Tiltaksplanane frå Statsforvaltaren utløyste stortingsmeldinga om vern av villrein, og Klima- og miljødepartementet leverte sine forslag til tiltak i vår. Det er desse tiltaksplanane som no er på høyring i dei ulike villreinområda.
– Veldig skuffa
Samson Hamre er som Terje Kollbotn ikkje vidare imponert over tiltaka som er føreslått for Hardangervidda.
– Eg er veldig skuffa over tiltaktsplanane som kjem frå departementet. Det er få tiltak som vil gjera god nytte, og mykje som blir dytta over på kommuane, fylkeskommunane og frivillege, seier han.
Han meiner det ikkje blir gjeve tydelege nok restriksjonar, til dømes når det gjeld kva område folk kan og bør bevega seg i. I høyringssvaret sitt kjem også villreinnemnda til å trekkja fram det dei ser på som ei skeivfordeling i kva tiltak det vert fokusert på.

– Det er lagt stor vekt på at motorisert aktivitet skal avgrensast, med særleg vekt på helikopterbruk. Me kan godt vera einige i det, men det verkar som at departementet ikkje heilt har forståing for kor viktig motorisert aktivitet er når ein skal driva god forvaltning av villreinstammen, seier han.
– Villrein ikkje er så veldig redd for motorisert aktivitet, men han er redd for menneske. Det er nedarva gjennom generasjonar at den største fienden hans er jegarar, ikkje helikopter.
Nettopp difor meiner Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet at dei mest effektive tiltaka for å bevara villreinen på kort sikt, er avgrensing av menneskeleg ferdsle i fjellet. Og for å få det til, må fleire aktørar samarbeida.
– Alle må spela på lag med alle. No kjempar DNT for sine hytter og stiar, lokale brukarar kjempar for nedarva rettar, og alle vil ha moglegheit til å ta helikopter og køyra på vegar dei tidlegare har gjort. Så det må ein dugnad til for å få effekt på kort sikt.
Klima- og miljøministeren seier òg at ein må sjå alt i ein større samanheng, noko som betyr at ein ikkje kan utelukka nye naturinngrep fullstendig:
– Det fyrste av fem satsingsområde i villreinmeldinga handlar om ei mer heilskapleg og restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet. Alle avgjerder og aktivitetar må bli sett i samanheng, og omsynet til villrein skal i større grad lyftast fram og vektleggast. Det skal vera ein høg terskel for inngrep i villreinområda, men inngrep kan bli tillete dersom tungtvegande samfunnsinteresser tilseier det. Dette har eit fleirtal på Stortinget stilt seg bak.
Tunnel løyser ikkje alt
På litt lengre sikt kan også tunnelar vera med på å løysa nokre av utfordringane villreinen har med å bevega seg fritt på Hardangervidda.
Terje Kollbotn vil bruka dei kanalane han har framover for å få fleire til å sjå verdien av dette også på nasjonalt nivå.
– Det er viktig å få Dyranut-tunnelen inn når Nasjonal transportplan skal opp til behandling igjen i neste stortingsperiode, seier Terje Kollbotn.
Han meiner likevel at tunnel åleine ikkje vil løysa utfordringane viss ein ikkje i tillegg reduserer annan aktivitet i dei same områda. Han trekkjer mellom anna fram kiting som ein aktivitet som bør avgrensast i samarbeid med reiselivet, og at ein må skjerma naturen for nye inngrep.
– Det må bli full stopp i alle planar om utbygging. Me må heller framheva det som positivt for Noreg under eitt at me har ein villreinstamme som har vore her i fleire tusen år, og ikkje utsetja beiteområda for press i form av av kraftutbygging og masseturisme.
For å auka medvitet om reinsdyra sin unike posisjon i norsk natur, har partiet hans programfesta ei målsetjing om at villrein bør bli Noreg sitt nye nasjonaldyr.
– Det er ikkje naturleg at løva er Noreg sitt nasjonaldyr. I Sverige er det elgen, så det er heilt på sin plass at det blir villreinen i Noreg, avsluttar han entusiastisk.