Visit Hardangerfjord får ein halv million frå fylket
Midlane skal gå til arbeidet med berekraft og besøksforvaltning.


Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune vedtok å støtta kvart av dei sju destinasjonsselskapa i fylket med ein halv million kroner kvar.
Felles for alle er at dei jobbar med å få til ei berekraftig utvikling av reiselivet i sin region, og midlane skal styrka dette arbeidet.
– Reiselivsnæringa er viktig for både verdiskaping, utvikling av lokalsamfunna våre og arbeidsplassar. Ved å støtte reiselivet gjennom midlar til destinasjonsselskapa ønskjer Vestland fylkeskommune å sikre at arbeidet med omstilling og utvikling til eit meir berekraftig reiseliv held fram, uttalar Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i ei sak på fylkeskommunen sine nettsider.
CEO i Visit Hardangerfjord, Andreas Skogseth, seier han er glad for at fylket oppretthald støtte til destinasjonsselskapa:
– Me har fått eit årleg tilskot om lag på den storleiken dei siste åra til område som er viktige for fylket at me har fokus på, slik som arbeidet med å få til meir heilårsturisme og sikra god besøksforvaltning.
Han fortel at bidraget frå fylket er særleg viktig når ein skal forankra større prosjekt ute i organisasjonane. Som døme nemner han arbeidet med å sikra ei berekraftig utvikling av reiselivet.
– Berekraft kan vera så mykje. Det kan handla om bevisstgjering av gjester med tanke på å visa dei moglegheiter som gjer at dei blir lenger i regionen, eller å få til auka verdiskaping per gjest i form av at ein får tak i gjester med høgare betalingsvilje. Det må uansett ned på produktnivå ute i organisasjonane, til dei som jobbar hands on med å skapa nye moglegheiter i reiselivsnæringa.
Midlane frå fylket kjem også godt med i arbeidet med å måla utviklinga i reiselivet frå år til år.
– Ein ting er kvantitative data som ein får frå Brønnøysundregisteret og Statistisk sentralbyrå, men skal ein verkeleg forstå utviklinga må ein gjera feltundersøkingar. Det er både omfattande og kostnadskrevande, men slik kundedata er svært viktig for å gjera kommunane skikka til å ta dei rette vala framover.

Skogseth fortel at reiselivsaktørane som er medlem i Visit Hardangerfjord generelt har mest fokus på «turisten i dørstokken» og marknadsføring som støttar opp under deira eigne produkt, medan destinasjonsselskapet har eit meir overordna fokus på Hardanger som destinasjon.
– Dilemmaet blir då kven som skal ta kostnadane med å driva utviklingsarbeid, og det er her midlar frå fylket og dei einskilde kommunane er viktig, seier han.
Treng båten
Sjølv deltok Skogseth på stormøtet Skyss inviterte til i Eidfjord torsdag, for å drøfta moglege løysingar for ei fast båtrute i indre Hardanger.
Han håpar det no kjem noko konkret ut av det.
– Ekspressbåten er veldig viktig for heile regionen, både fastbuande og turistar. Skal du reisa med buss frå Lofthus til Norheimsund tek det 4-5 timar, med fleire bussbyte. Med båten kjem du deg fram på ein time og 25 minutt. Det seier seg sjølv kva dei fleste vil velja, seier han.
Han seier at båten isolert sett er eit type produkt som kan fungera som eit utstillingsvindauge for korleis ein vil driva reiseliv i Noreg framover.
– Fjorden er hovudgrunnen til at mange kjem til Hardanger. Skal me løysa nøtta med heilårsturisme, må me byggja opp ei båtrute som både er attraktiv, miljøvennleg og fungerer som eit godt kollektivtilbod.
Han har forståing for at fylket ikkje ynskjer å driva med rein turisttrafikk, men meiner turismen og kollektivtilbodet heng tett saman.
– Eg har ei kjensle av at fylket har blitt meir obs på dette dei siste par åra. Skal ein oppnå dei generelle måla om auka berekraft og få fleire til å reisa kollektivt, må det visa igjen i tilbodet.

Fylkeskommunen kom tidlegare i veka med melding om at Miljødirektoratet gjev over 200 millionar i støtte til arbeidet med å elektrifisera hurtigbåtrutene i Sunnhordland innan 2030, noko Skogseth tek som eit positivt teikn:
– Eg tenkjer det er rett veg å gå. Det viser at me i Hardanger også kan ha eit mål om ei elektrifisert heilårsrute som knyter saman heile regionen på sikt.
Men her og no er fokuset å finna ei løysing som sikrar drift av ruta som allereie eksisterer, med mål om at ho etter kvart kan stå på eigne bein i form av billettinntekter.
– Me må utvikla produktet vidare slik at det treffer dagens behov. Det handlar om å bryta ned heile ruta trinn for trinn, for å finna ut kva som må til for at ho skal bli kommersielt levedyktig, avsluttar Skogseth i Visit Hardangerfjord.