
– Eidfjord Resort er framleis ein stor feil
Utbyggingsplanane i Eidfjord blei tema i ein panelsamtale om klima og friluftsliv i endring under Rosendalsveko denne veka.

Utbyggingsplanane i Eidfjord blei tema i ein panelsamtale om klima og friluftsliv i endring under Rosendalsveko denne veka.

Rådsordførar i Hardangerrådet og ordførar i Ulvik, Jens Olav Holven, trur ikkje det finst ei kjapp løysing på utfordringane den ferske rapporten frå Telemarksforsking peikar på.

Ein ny rapport frå Telemarksforsking skildrar ein meir dramatisk nedgang i sysselsette i distrikta fram mot 2050 enn tidlegare prognosar. Av kommunane i Hardanger er Eidfjord mest utsett.

Fylkesberedskapssjefen kom med klar oppmoding til kommunane på Hardingtinget.

Ordførarane var samde om behovet for å byggja ein sterkare region i indre Vestland då dei møttest på Hardingtinget. Men kor grensene for ein slik region skal gå, kom det ikkje noko klart svar på.

No vil Samnanger bli ein del av Hardangerrådet.

Totalt vart det seld 329 bustadar i Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord i fjor.

Ein fersk rapport frå forskingsinstituttet Ruralis peikar på det tradisjonelle klyngetunet som eit mogleg tiltak for å få fleire til å slå seg ned i distriktskommunar.

Både Statsforvaltaren og fylkeskommunen har fremja motsegn til planane om å etablera oppdrettsanlegg ved den nedlagde ferjekaien i Bruravik.

Miljødirektoratet fekk nær 300 innspel i høyringsrunden om eit generelt forbod mot nedbygging av myr i Noreg. Kvam og Eidfjord er mellom kommunane som har uttalt seg.

Kimaekspertane frå UiB trur det vil tvinga seg fram fleire endringar for folk og næringsdrivande i Hardanger fram mot år 2100.

Sjøen langs norskekysten har aldri vore varmare enn i 2025.

Sjef for samfunnsutvikling i Kvam herad, Heidi Ørjansen, seier det så langt har kome fleire positive tilbakemeldingar etter at heradet sende ut ein førespurnad til nabokommunane tidlegare i sommar, der dei tok til orde for å laga eit formelt juridisk nettverk på tvers av kommunegrenser.
– Det har byrja å koma inn litt tilbakemeldingar, og når me har fått svar frå alle vil me kalla inn til eit møte der me diskuterer korleis me skal organisera samarbeidet, fortel Ørjansen.
Det kan gå mot eit tettare samarbeid om juridisk kompetanse mellom kommunar i Hardanger og omland.
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev
Det einaste du treng å gjera for å lesa vidare, er å registrera e-postadressa di nedanfor.
Hardanger.no si