Podkast frå Hardanger
I podkastserien Hardangerfolk blir du betre kjend med ulike folk som har tilknyting til Hardanger. I samtalane fortel dei om oppvekst, karriere, identitet og tema dei er opptekne av.
Du kan høyra podkasten direkte nedanfor (trykk på play-knappane). eller for best mogleg lyttaroppleving - søk opp Hardangerfolk der du til vanleg høyrer podkast. God lytting!
SESONG 1:
Episode 1 - Benedicte Maurseth
Med hardingfele og sterke kunstnarlege prosjekt har folkemusikar Benedicte Maurseth frå Eidfjord markert seg både nasjonalt og internasjonalt – og vunne prisar som Nordic Music Prize og Folkelarmprisen «Årets folkemusikar».
Episode 2 - Terje Breivik
Høyr venstrepolitikar og no administrerande direktør for Akvariet i Bergen, Terje Breivik, fortelja om livet utanfor politikken, engasjementet for havet, og kva råd han vil gje politikarane i Hardanger.
Episode 3 - Ann Irene Eliassen Myrheim
Høyr dagleg leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Eliassen Myrheim, fortelja korleis det har vore å koma heim etter å ha budd over 30 år andre stader. Ho forklarar også kvifor ho meiner regionen har tapt seg og kva som må til for at Hardanger skal styrkja posisjonen sin i åra som kjem.
Episode 4 - Eirik Lekve Eide
For fem år sidan tok Eirik Lekve Eide med seg sambuar og barn og forlet ein trygg leiarjobb i Oslo for å bli siderbonde heime i Ulvik. Høyr han fortelja om korleis kvardagen for ein siderbonde er og kva utviklingspotensial han ser i Ulvik og resten av Hardanger framover.
Episode 5 - Roald Aga Haug
I denne episoden møter du ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug. Her fortel han mellom anna om oppveksten på Aga, og korleis han har tatt med seg erfaringane frå ein jobb innan rusfeltet over i politikken. Du får òg høyra kvifor han er oppteken av at folk byter partnar, samt kva som står øvst på ynskelista hans for kommunen i framtida.
Episode 6 - Siv Fossåskaret
Med 35 års fartstid var Siv Fossåskaret inntil nyleg ei av dei mest markante radiostemmene i NRK Vestland. I denne episoden fortel ho om livet utanfor NRK, og opnar seg om den store sorga ho opplevde like før ho var ferdig i NRK.
Episode 7 - Brit Aksnes
Mange har høyrt stemma til Brit Aksnes i radioprogram på NRK. I denne episoden fortel ho kvifor ho trur ungdomar i Hardanger har det kjedelegare no enn då ho sjølv vaks opp i Norheimsund på 80- og 90-talet. Og ho avslører kva tankar ho gjer seg når ho ser på heimstaden frå utsida.
Episode 8 - Kari-Anne Sekse
Kari-Anne Sekse er ein av dei ferskaste siderprodusentane i Hardanger og har har gjort seg nokre erfaringar som ho gjerne deler. Ho fortel også om korleis det har vore å flytta inn igjen i barndomsheimen og overta garden ho vaks opp på langs Sørfjorden i Ullensvang.
Sesong 2:
Episode 1 - Erling Midtun
I denne episoden møter du leiar i Hardanger handbakklubb, Erling Midtun. Han har eit spesielt engasjement for ungdom som av ulike grunnar fell utanfor, og er oppteken av at distriktet fyrst og fremst må ta vare på dei ungdommane som bur her no dersom ein vil at dei skal koma tilbake som vaksne.
Episode 2 - Valgerd Svarstad Haugland
Valgerd Svarstad Haugland har hatt ei lang karriere i politikken, mellom anna som Kristeleg folkeparti sin fyrste kvinnelege leiar. Etter at ho gjekk ut av politikken jobba ho 13 år som statsforvaltar for Buskerud, Østfold, Oslo og Akershus, ein jobb som enda med at ho måtte gå på dagen.
Episode 3 - Vigdis Nielsen
Vigdis Nielsen har hatt ei lang karriere som filmskapar og har ingen planar om å gje seg. Engasjementet hennar for folk og natur har kome til syne i fleire filmar og er ein raud tråd i det ho gjer når ho ikkje er på jobb også.
Håpar du likar episodane! Ta gjerne kontakt viss du har innspel til folk du har lyst å høyra i komande Hardangerfolk-episodar.