
– Folk er så opptekne av å koma seg til Bergen og Oslo, men det er mykje viktigare at folk kjem seg mellom Norheimsund og Odda, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, i denne vekas episode av podkastserien Hardangerfolk.
Å skapa eit tyngdepunkt i indre strok i form av ein felles bu- og arbeidsmarknad er avgjerande dersom Hardanger skal oppleva vekst i folketalet, meiner han.
Høyr meir om kva han tenkjer om utviklinga i Hardanger, kva han ynskjer seg aller mest i Odda og korleis det var å veksa opp på Aga i podkastepisoden som du finn her, eller der du vanlegvis lyttar til podkast.
Augustrekord
August blei ein rekordmånad for reiselivet i Noreg. Aldri tidlegare har det blitt registrert så mange overnattingar på norske hotell, campingplassar og vandrarheimar i august månad, og Vestland toppar lista.
Driftsdirektør i Fjordtind, Tina Våtvik Olsen, seier statistikken frå SSB samsvarar godt med deira oppleving ved hotella i Eidfjord, Kvam og Ulvik.
Ho trekkjer fram arbeidet som blir gjort med å få ein felles strategi for reiselivet i regionen som viktig og riktig:
– Berekraftig turisme og berekraftige lokalsamfunn er nøkkelen for framtida, og då må me alle ta ansvar.
Trykk på biletet under for å lesa heile saka.

Denne helga startar haustferien for mange skuleelevar, og Ulvik og Eidfjord har gått saman om å laga eit felles haustferieprogram frå 3.-12. oktober.
Veka har fått namnet Haustfagn og inneheld alt frå bakekurs til guida fotturar. Heile programmet finn du her.
Det skulle elles ikkje vera problem å finna noko å gjera på i Hardanger i helga, med litteratursymposium i Odda og siderfestival i Øystese.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja oss på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del nyhendebrevet vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!

