Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også! Her kan du kjøpa abonnement og vera med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
I denne utgåva kan du lesa om:
- Næringslivet si rolle i beredskapen
- Hardangerkommunane sine innspel til nye fylkesplanar
- Uro i sjømatnæringa knytt til straumkapasitet

Godt samspel
Når større naturhendingar som flaum, storm eller ras inntreffer, vil kommunar som har eit sterkt og variert næringsliv stå betre rusta. Difor jobbar fleire aktørar i Vestland med å auka medvitet hjå bedrifter om kva rolle dei kan spela i det lokale beredskapsarbeidet.
Mari Severinsen er assisterande fylkesberedskapssjef hjå Statsforvaltaren i Vestland og fortel at stortingsmeldinga om totalberedskap som regjeringa la fram i januar i år er tydeleg på at næringslivet har ei viktig rolle i beredskapsarbeidet både lokalt, regionalt og nasjonalt.
– Totalberedskapsmeldinga legg vekt på at det er viktig å styrkja eit variert næringsliv i heile landet. Fleire bedrifter har tilgang til teknisk utstyr det kan vera behov for, som maskiner og aggregat, i tillegg til at dei kan sitja på viktig kompetanse om korleis ein skal handtera situasjonane som har oppstått, seier ho.
Beredskapsansvarleg i Ullensvang, Stig Hope, fortel at kommunen dreg stor nytte av at det private næringslivet ser verdien av si eiga rolle i kommunen sitt beredskapsarbeid. Han nemner bedrifta Isklar som eit døme på ein viktig lokal aktør for kommunen å ha beredskapsavtale med.
– Det fekk me behov for seinast under stormen Jacob i haust, då me måtte ut med vatn mellom anna i Kinsarvik, fortel han i denne saka.
I Kvam har heradet ein sløkkjeavtale med Elkem Bjølvefossen når det gjeld brannberedskap i Ålvikområdet.
86 innspel til regionale fylkesplanar
Skal ein lukkast med verdiskaping må både folk og bedrifter koma seg fram og ha tilgang på kompetanse der dei bur, er hovudessensen i innspela som vart sende inn frå kommunane Kvam, Eidfjord og Kvinnherad.

I høyringsinnspela sine peikar kommunane på samferdsle, ferjer, breiband, rekruttering og desentralisert utdanning. Samstundes åtvarar dei mot at regionale planar blir så sterke at dei i praksis bind kommunane.
Kvam herad at skriv mellom anna at kollektivtilbodet i regionen må henga betre saman, med ruter som korresponderer slik at folk faktisk kjem seg vidare dit dei skal. Dei meiner òg at fylket bør greia ut kva auka turisme betyr for kapasitet og trafikktryggleik.
Nokre av punkta som blir påpeikte frå Kvam si side, går att i Eidfjord sine høyringsinnspel. I tillegg foreslår kommunen at fylket lagar ein strategi for fjernarbeid og kontorfellesskap, og viser til at Hardanger-kommunar allereie har vore med i eit prosjekt om fjernarbeid og distriktsutvikling.
Etter innspel frå fleire kommunar vedtok fylkesutvalet å utvida høyringsperioden for planane, og opplyser at høyring og offentleg ettersyn av planforslaga startar hausten 2026.
Uroa for nok straum til grønt skifte
Rapporten er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF). Det er eit statleg aksjeselskap som er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet og som vert finansiert av sjømatnæringa.
– Sjømatnæringa er stadbunden. Ho kan ikkje flytta etter kapasitet, ho må liggja langs kysten, sa senior manager i Menon Economics, Oddbjørn Grønvik, då rapporten blei presentert førre veke.

Ifylgje rapporten kan behovet for effekt i sjømatnæringa auka med opptil 140 prosentpoeng nasjonalt fram mot 2040. Vestlandet står for ein stor del av denne veksten, og er samtidig ein av regionane med mest press mot straumnettet frå før av.
– Dette er eit nett som ikkje er rigga for den veksten som er forventa i sjømatnæringa, sa Grønvik då rapporten var offentleggjort.
Sjømatnæringa på Vestlandet står midt i eit teknologiskifte, der ny teknologi blir tatt i bruk for å redusera klima- og miljøavtrykket og betra fiskehelsa. Denne overgangen krev tilgang på energi.
Regionsjef i Sjømat Norge, Ingrid Lundamo, meiner straumnettet har blitt ein brems.
– Det er kritisk for regionen at straumnettet er fullt, og det hindrar oss frå å gjennomføra det næringa ynskjer; å skapa verdiar, arbeidsplassar og produsera god og sunn mat med eit endå lågare klimaavtrykk, uttalar ho.
Kva synest du om denne utgåva av nyhendebrevet? Kom gjerne med tilbakemelding ved å svara på denne e-posten, eller ta direkte kontakt med meg på e-postadressa under.
Tips og andre innspel kan du senda til tips@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
