– Slik verda er i dag, kan det ikkje halda fram.
Det seier Katrine Van Tulder som saman med ektemannen Pieter starta eige firma for å realisera draumen om å bidra til meir berekraftig produksjon av møblar.
Med base i Hardanger har dei no kundar i alle dei største byane i Noreg, og vart nyleg omtala i magasinet Elle Decorations som har over 1,6 millionar følgjarar.
Konseptet deira er å bruka gjenbruksmaterial ingen andre kan dra nytte av i produksjon av nye møblar. Lokale bedrifter bidreg i prosessen, og på den måten blir møbelproduksjonen også ein måte å skapa aktivitet i lokalmiljøet.
Les om bedrifta deira FjordMoods og møbelkonseptet 2050 Furniture her, eller trykk på biletet under.

Lite representert
Ei oppteljing frå Bergensavisen viser at berre 4 av 69 statsrådar og statssekretærar i Støre-regjeringa er frå Vestland.
Oversikta viser at hovudtyngda av regjeringsapparatet sine representantar ligg på austlandet, og at både Trøndelag, Innlandet og Rogaland kvar for seg har dobbelt så mange politikarar i regjeringa som Vestland.
Hardanger.no har tidlegare skrive om dagleg leiar i Hardangerrådet si uro for at Hardanger blir forbigått i saker som er viktige for utviklinga av næringslivet og verdiskapinga fordi regionen manglar representasjon både på fylkesnivå og nasjonalt.
I eit svar til BA skriv statsminister Støre mellom anna at han vil bruka myke tid på å lytta til lokalsamfunna langs kysten av Vestlandet framover.
Det kan bety at Hardanger må jobba endå hardare for å ikkje hamna i skuggen av sterke regionar andre stader i Vestland, slik Hardangerrådet har uttrykt uro for.
For skal Hardanger halda fram med å utvikla seg, må mellom anna hindringar som dårleg samferdsel og manglande kollektivtilbod bort.

Dette er også noko fleire av gjestene i podkastserien vår Hardangerfolk er opptekne av. Gjest førre veke var leiar i Siderprodusentlaget, Eirik Lekve Eide, som delte sine tankar om den vidare utviklinga i Hardanger.
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del nyhendebrevet vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja oss på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

