Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
Ikkje kvardagskost

Når Benedicte Maurseth og musikarane hennar går på scena laurdag, er det nok med litt ekstra spenning i kroppen.
For det kan ikkje reknast som kvardagskost å få spela på ei så verdskjend scene som operahuset i Sydney.
Albumet «Mirra» hausta utmerkingar allereie før lansering, og sidan har dei gode tilbakemeldingane halde fram.
No har altså Maurseth tatt med seg ein bit av den norske folkemusikktradisjonen til Australia der ho skal spela 6 konsertar dei neste dagane.
– Eg håpar publikum får ei oppleving, og at dei òg høyrer dei lange linjene bakover i tradisjonen, sa ho like før ho sette seg på flyet tidlegare denne veka.

Stabil utvikling, men
Likevel er det ingen grunn til å slappa av. Framskrivingar viser ein nedgang i folketalet fram mot 2050, og dersom ein hadde tatt bort auken som skuldast busetjing av flyktningar frå SSB-statistikken ville no-biletet sett langt meir dystert ut.
I Ullensvang kommune går det for tida føre seg ein diskusjon om nettopp kapasiteten til å ta imot fleire flyktningar i 2026.
I ein artikkel i Hardanger Folkeblad blir det referert til at administrasjonen meiner kommunen ikkje bør busetja flyktningar i 2026 på grunn av stort press på kommunale tenester.
Kinsarvik er mellom stadene som er spesielt råka av presset, og både barnehage og skule uttalar at dei ikkje har kapasitet til å ta imot fleire slik situasjonen er no.
Auka kvikksølvfare

Forskarane har undersøkt kva som skjer når permafrost på Svalbard og i Sibir tiner som fylgje av at havet blir varmare.
– Dette gjer at gamal kvikksølvforureining som naturen har lagra for oss, kan lekkja ut og bli ein trugsel for livet i havet, sjømaten me et og helsa vår. Klimaendringane kan også undergrava effekten av tiltak som er sett i verk internasjonalt mot kvikksølvforureining, uttalar Bank.
Forskarane skil mellom moderne og arva kvikksølv, der det siste er kvikksølv som gjerne har lege i naturen i fleire århundre. Medan det finst gode miljøtiltak mot kvikksølv av nyare dato, er forskarane uroa for kva som skjer når meir av det lagra kvikksølvet slepp ut, ifylgje ein artikkel frå havforskarane.
Brageprisvinnaren
Leander Djønne er årets vinnar av Brageprisen i kategorien skjønnlitteratur.
Med romanen «Alt et» har han imponert både bokmeldarar og publikum, og med Brageprisen styrkjer han posisjonen sin i selskapet med meir røynde forfattarar.

VG sin bokmeldar Gabriel Michael Vosgraff Moro er full av lovord:
– «Alt et» er utan samanlikning den mest brutale romanen som nokon gong har vunne Brageprisen. Boka er eit mesterleg mareritt som får norrøne mytar, folketru og beinhard realisme til å gå opp i ei høgare eining. Det er litt Jon Fosse, litt Stephen King og mykje Leander Djønne. Eg trur me ser konturane av ein mektig forfattarskap i norsk litteratur, sa han til avisa like etter prisutdelinga.
Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Har du ris, ros, tips eller innspel vil eg gjerne høyra frå deg!
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
