Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også.
Hardanger.no har store ambisjonar for 2026. Vil du hjelpa oss med å utvida tilbodet vårt? Klikk her for å kjøpa abonnement.
Innhald i denne utgåva:
Hardanger i aust

Då konferansen «Vest i Øst» gjekk føre seg i Oslo denne veka, var det med kun to deltakarar frå Hardanger.
Konferansen har blitt ei årleg hending, der NHO Vestland i samarbeid med Vestland fylkeskommune inviterer til ei samling retta mot næringsliv, politikarar og andre samfunnsaktørar frå Vestland i forkant av NHO sin årskonferanse.
Trur på meir konsolidering

Fleire ekspertar trur me berre har sett byrjinga på oppkjøp og samanslåingar i oppdrettsbransjen.
I Hardanger er det knytt stor spenning til eit mogleg sal av selskapet Lingalaks, og det blir spekulert i om ein av dei andre oppdrettsaktørane som driv i Hardangerfjorden er i forhandlingar om å kjøpa aksjane til Haugarvoll-familien.
Finansavisen skriv at tida som har gått sidan salsryktene vart offentleg kjende, tyder på at det er avstand mellom seljar og kjøpar.
Næringslivet i beredskap
Denne tematikken vart aktualisert under årskonferansen til NHO denne veka, der mellom anna statsministeren tok opp kor viktig næringslivet er for beredskapen i Noreg.

Ei fersk undersøking viser derimot at éin av tre bedriftseigarar oppfattar at bedrifta deira er ein del av totalberedskapen.
– Toppleiarar i privat næringsliv jobbar mykje med tryggleik i eiga verskemd, men er usikre på kva som er rolla deira i den nasjonale settinga, uttalte Bente Hoff, direktør innan cybersikkerhet i KPMG til NRK i samband med NHO-konferansen.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen har uttalt at det å trekkja næringslivet inn i beredskapen på alle nivå er ein raud tråd i totalberedskapsmeldinga som regjeringa la fram i fjor.
Reaksjonar mot Kommunekommisjonen
I dag la Kommunekommisjonen fram si fyrste delutgreiing. Her skildrar dei utfordringar kommunesektoren står ovanfor, og trekkjer særleg fram endringar i befolkningssamansetjinga og konsekvensar for og tilgang til arbeidskraft.
Kommunekommisjonen kjem med forslag til konkrete endringar i den statlege styringa av kommunane. I hovudsak handlar det om norm for lærartettleik, kompetansekrav og ulike øyremerkte tilskotsordningar.

Unio var raskt ute med å kritisera forslaga. Dei reagerer mellom anna på at det blir føreslege å fjerna kompetansekrav i helse- omsorgstenestene, fjerna norma om lærartettleik, og forslaget om å innlemma øyremerkte tilskot i rammetilskotet.
– Dersom desse tilrådingane vert gjennomførte, vil det føra til auka skilnadar, dårlegare tenester, auka privatisering med eit todelt helsevesen og dårlegare tryggleik for innbyggjarane, skriv dei i ei pressemelding og tek til orde for at ein heller må sjå på om dagens kommunestruktur er berekraftig.
Hjelp oss å bli betre!
Tidlegare denne veka sende me ut ei spørjeundersøking til alle som abonnerer på nyhendebrevet vårt.
Her ynskjer me mellom anna å få innspel til kva tema de er mest interesserte i med tanke på meir skreddarsydde nyhendebrev.
Di fleire svar me får inn, di klokare blir me på kva me skal jobba vidare med framover.
Sjølve undersøkinga tek det berre eit par minutt å svara på, og du finn ho ved å fylgja denne lenkja.
Har du lyst å skriva for oss?
Hardanger.no søkjer skribentar som har interesse for næringsliv og utvikling i Hardanger. Me kan tilby frilansavtalar som kan kombinerast med jobb eller studium, eller engasjement på fulltid i ein kortare eller lengre periode.
Ta kontakt med underteikna for ein uforpliktande prat!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
