Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også.
Hardanger.no har store ambisjonar for 2026. Vil du hjelpa oss med å utvida tilbodet vårt? Klikk her for å kjøpa abonnement.
I denne utgåva kan du lesa om:
- Klimaendringane i Hardanger
- Rekordhøg sjøtemperatur i 2025
- Effektivisering av kommunane
- Beredskap i kraftnettet
– Kan ikkje stoppast
Det er for seint å stoppa fylgjene av klimaendringane i Hardanger, og fokuset må i staden dreia over til å handla om korleis innbyggjarar og næringsaktørar kan tilpassa seg endringane.
Det meiner i alle fall klimaekspertane frå UiB, Jostein Bakke og Pål Ringkjøb Nielsen, som vitja podkasten Hardangersnakk før jol for å snakka om akkurat dette.

No er del to av samtalen tilgjengeleg her, eller der du normalt lyttar til podkast. Der finn du også den fyrste delen av podkasten som handlar om kva som skjer når breane trekkjer seg tilbake og eit nytt landskap kjem fram.
Les meir om det dei to ekspertane seier i denne artikkelen.
Rekordvarm sjø
Også havforskingsinstituttet slår fast at det er lite å gjera med dei globale klimaendringane.
Denne veka oppsummerte dei Kystklimaåret 2025, der sjøtemperaturen langs norskekysten nådde ny varmerekord.
Varmare sjøvatn langs kysten får òg følgjer for økosystema innover i fjordane, og for alle som driv med fiskeoppdrett.
Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø er oppteken av at det er viktig å forstå kva mekanismar som styrer klimaendringane, ikkje berre dokumentera dei, slik at ein blir i stand til å føreseia lokale effektar av dei.
– Me blir til dømes meir og meir klar over at fjordane våre har ulike mikroklima der endringane slår inn på ulikt vis, uttalte han i samband med oppsummeringa.

Ynskjer meir effektiv styring
Fredag 9. januar legg kommunekommisjonen fram sin fyrste rapport for kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran og finansminister Jens Stoltenberg.
Kommisjonen vart sett ned i mai i fjor og har hatt i mandat å koma med forslag til endringar i staten si styring av kommunesektoren, med tanke på å få til betre ressursbruk, meir fleksibel bruk av personell og meir effektiv oppgåveløysing.
Kommisjonen som vert leia av spesialrådgjevar Eivind Dale i Kommunal- og distriktsdepartementet, skal òg koma med forslag til tiltak som kan betra andre forhold som bidreg til unødvendig høge kostnadar eller lite effektiv oppgåveløysing i kommunar og fylkeskommunar.
Beredskap i kraftnettet
Før jol gjekk Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjennom beredskapen i det norske kraftnettet, med særleg vekt på reparasjonsevne.
Undersøkingane kom som eit resultat av Totalberedskapsmeldinga som vart lagt fram av regjeringa i fjor, og at PST i si trusselvurdering for 2025 peikte på at det er sannsynleg med sabotasjeaksjonar i Noreg der energiinfrastruktur er målet.

NVE konkluderte med at Noreg har eit kraftsystem som fungerer godt når éin ting går gale, men som er langt mindre robust når fleire anlegg fell ut samtidig og det tek lang tid å reparera feilen. Ifylgje NVE er beredskapen i kraftnettet i stor grad bygd for enkeltfeil og uvêr, og ikkje for situasjonar der systemet må driftast med redusert kapasitet over tid.
Det internasjonale energibyrået (IEA) meiner dette er eit gjennomgåande mønster og viser til at rundt 85 prosent av større straumbrot globalt har nettrelaterte årsakar. Dei peikar på at det i det store biletet er kraftsystemet si evne til å styra, balansera og reparera undervegs som utgjer den største risikoen, og ikkje mangel på kraft i seg sjølv.
Tusen takk for at du abonnerer på nyhendebrevet vårt! Me har lagt bak oss det fyrste halvåret og tek sats vidare.
Kva saker eller tema vil du at me skal lyfta fram i 2026? Del dine tankar og innspel på e-post til tips@hardanger.no.
Hjelp oss gjerne å veksa på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
