Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.

Denne veka er det tidlegare venstrepolitikar Terje Breivik frå Ulvik som gjestar podkastserien vår, Hardangerfolk.
Her fortel han mellom anna om si tidlege karriere som sjømann og korleis han har funne seg til rette med ein arbeidskvardag utanfor politikken.
Han avslører også kva råd han vil gje alle dei som ynskjer å få ting til å skje i Hardanger.
Trykk på biletet over for å lesa heile artikkelen, og søk opp Hardangerfolk der du vanlegvis høyrer podkast. Der finn du også episoden frå førre veke med musikar og komponist Benedicte Maurseth frå Eidfjord.
På hardanger.no finn du innhald frå heile Hardanger-regionen. Du kan mellom anna lesa om oppdrettsplanar i Bruravik og sjå opptak frå panelsamtalen om miljøtilstanden i Hardangerfjorden som me arrangerte i Øystese for eit par veker sidan.
Tusen takk til alle som sender inn tips til tema og saker eg kan ta tak, det set eg stor pris på!
Framover vil eg fylgja opp fleire av tipsa som har kome inn, og eg håpar det resulterer i mange gode saker om noko av alt det som går føre seg i Hardanger.

Ta gjerne kontakt viss du har idear til saker eller folk du har lyst å høyra i komande Hardangerfolk-episodar. Bruk adressa tips@hardanger.no eller ta direkte kontakt med underteikna.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
