Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
I denne utgåva kan du lesa om:

Moden debutant
Svein Nå er i år mellom debutantane på Norske Kunsthåndverkere si årsutstilling, ei utstilling som blir omtala som ei av årets viktigaste hendingar for alle som er opptekne av kunsthandverk.
I år feirar organisasjonen 50 år, og den erfarne vevkunstnaren var sjølv til stades då kulturministeren opna jubileumsutstillinga på Lillehammer kunstmuseum 6. desember.
– Det var mykje folk og mange som spurde meg om forskjellig, fortel han nøkternt.
Millionar til forsking på slam
I går vart det kjent at ordninga Grønn plattform løyver inntil 55 millionar kroner til eit nytt prosjekt som skal utvikla tre ulike prosessar for å omdanna ressursar i slam frå havbruk til reint fosfor.
Blåne-prosjektet vert leia av Norce, og NIBIO er med som forskingspartnar.
– Me skal leia ei arbeidspakke med mål om å forbetra kvaliteten på saltvasslam slik at det kan brukast som råstoff i produksjon av organiske gjødselprodukt av høg kvalitet, uttalar forskar Eva Brod i ei pressemelding frå NIBIO.
Ho fortel at Blåne-prosjektet vil gjera det mogleg å ta i bruk fiskeslam i nye produkt og dermed utnytta ressursar som per no går til spille.
Ved å etablera ei ny, sirkulær verdikjede, vil prosjektet gjera det både praktisk og lønsamt å samla opp slam. Målet er å auka verdiskapinga langs kysten og samtidig redusera miljøbelastninga frå slammet.
Siste frist for høyringsinnspel

I dag er siste frist for å levera høyringsinnspel til saka om detaljregulering av Bruravik næringsområde i Ulvik.
Opprinneleg var fristen 8. desember, men fleire aktørar har bede om utsetjing, mellom anna Fiskarlaget og Naturvernforbundet Hardanger.
Saka som handlar om å etablera eit oppdrettsanlegg basert på lukka teknologi i sjø i området ved den nedlagde ferjekaien i Ulvik har vekt stort engasjement mellom innbyggjarane den siste tida.
Medan nokre er positive til utviklinga som kan gje nye arbeidsplassar og inntekter til kommunekassa, er andre kritiske til å gå vidare med prosessen før det har kome på plass ein felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden.
Mange spørsmål om besøksbidrag

Nærings- og fiskeridepartementet publiserte denne veka ein rettleiar for besøksbidrag.
Lov om besøksbidrag vart vedteken av Stortinget i juni i år og set rammene for ei frivilleg, kommunal overnattingsavgift.
I ettertid har departementet motteke ei rekkje spørsmål frå kommunar som ynskjer å koma i gang med å samla inn besøksbidrag.
– Dette er ei frivilleg ordning, men dei kommunane som ynskjer å innføra besøksbidrag må laga ein plan for korleis inntektene skal brukast og utarbeida lokale forskrifter. Ambisjonane er at kommunane kan starta innkrevjing av besøksbidrag i løpet av fyrste halvår 2027, uttalar næringsminister Cecilie Myrseth i ei pressemelding i samband med publiseringa av rettleiaren.
Etter vedtak i Hardangerrådet skal kommunane i Hardanger samarbeida om innføring av besøksbidrag for å sikra ein felles sats og plan for bruk av midlane.
Julegåvetips

Kva med å gje eit gåveabonnement på Hardanger.no til nokon du kjenner til jul?
Me er takksame for den gode mottakinga me har fått i haust og satsar friskt vidare. I løpet av 2026 er målet å utvida redaksjonen med to nye journalistar, slik at me kan produsera meir innhald og dekkja fleire saker frå politikk og næringsliv i Hardanger.
Men journalistikk kostar, og me er difor nøydde til å byrja og ta betalt for innhaldet vårt neste år. Fram til nyttår har me gode prisar på abonnement for heile 2026, og det er mogleg å gje bort eit prøveabonnement på Hardanger.no for under 200-lappen.
Bestill abonnement til deg sjølv
Tusen takk for støtta di! Det går direkte til å styrkja redaksjonen vidare.
Send tips til tips@hardanger.no
Hjelp oss gjerne å veksa på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
