Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også.
Hugs og bestill abonnement før 1. januar dersom du ynskjer ein god pris for 2026!
I siste liten med julegåvene? Kjøp gåveabonnement på Hardanger.no her.
Sterke saman
For snart ti år sidan var Erling Midttun med på å starta Hardanger Handbakklubb.
Bygdahuset i Granvin har sidan blitt ein samlingsplass både for unge og litt eldre som har blitt hekta på handbak, og klubben har medlemmer frå heile regionen.

For Midttun er den viktigaste motivasjonen å skapa eit tilbod der alle kjenner seg inkluderte. Gjennom handbakmiljøet har han kome i kontakt med mange unge som kanskje ikkje har funne seg heilt til rette i andre idrettsmiljø.
I den ferske episoden av podkasten Hardangerfolk snakkar han om engasjementet for klubben, lokalmiljøet og dei unge som veks opp i Hardanger i dag.
– Her må me ikkje berre sitja å snakka om korleis me skal få dei unge til å flytta heim igjen. Det viktigaste me gjer er at dei ungdommane som lever her no har ein god plass å bu, at dei skapar gode minner og vil vera her, seier han.
Trykk her for å høyra heile episoden, eller søk han opp der du vanlegvis høyrer podkast.
Lytt i jola
No har me samla alle tidlegare episodar av Hardangerfolk her, slik at du enkelt kan finna fram til episodar du ikkje har høyrt eller har lyst å høyra igjen.
Send gjerne inn tips til hardingar du har lyst å høyra i podkasten!

På hardanger.no har me òg laga ei oversikt over dei mest lesne artiklane våre i haust. Bla deg gjerne tilbake for å sjå om det er noko du har gått glipp av tidlegare.
Med dette vil eg takka både lesarar og støttespelarar for fylgjet i 2025 og ynskja alle ei riktig god jol!
Neste utgåve av nyhendebrevet kjem 2. januar 2026.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
