Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement i dag, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Ei kjedelegare ungdomstid?
Brit Aksnes vert titulert som kulturfrilansar og brenn for alle typar formidling, anten det er gjennom bøker, musikk eller teater.
Sjølv om ho bur i Bergen, har ho tett kontakt med viktige kulturinstitusjonar i heimkommunen Kvam, som Kabuso og Fartøyvernsenteret.
Denne veka er ho gjest i podkasten Hardangerfolk, og her fortel ho om ei endring ho har lagt merke til på sine jamlege turar heim, nemleg at kulturtilbodet for dei unge ikkje er det same som då ho sjølv var ung.
Då brukte ho fritida si på å spela i band, driva med revy og gå på bygdedansar, men no trur ho dei unge i større grad sit heime på fritida fordi dei manglar kulturtilbod.
– Det er så misforstått at kulturen ikkje har ei viktigare rolle enn det han har, seier ho og dreg fram eit kjent sitat:
– Kva skal me kjempa for, viss ikkje me har kultur?
Reiselivsstrategi under arbeid
Visit Hardangerfjord arrangerer i haust ei rekkje folkemøte for å få innspel til arbeidet med ny reiselivsstrategi for Hardanger.
Neste veke er turen komen til Øystese (20. oktober) og Rosendal (22. oktober).
Tidlegare denne veka fekk dei frammøtte på Kvammakonferansen ein smakebit på nokre av innspela som er komne til no.

Noko av det som går att er fokuset på fjorden som ferdsleåre og verdien av å ha ei fast båtrute.
Mange er óg opptekne av korleis ein kan få til ei rolledeling mellom ulike besøksmål, slik at turistane kan få ei heilskapleg oppleving som kanskje gjer at dei blir verande lenger i regionen.
Lovar pengar til villrein
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett som vart lagt fram onsdag denne veka, er det sett av 42 millionar kroner til bevaring av villrein i Noreg.
Klima- og miljøministeren opplyste at pengane mellom anna skal gå til å flytta turisthytter, stengja enkelte vegar og parkeringsplassar, samt tilsetja informasjonsmedarbeidarar i verneområde med særlege utfordringar.

I budsjettforslaget er det elles fleire postar som vil få innverknad på viktige saker for Hardanger-regionen.
Administrerande direktør i NAF, Stig Skjøstad, er ein av dei som ikkje er nøgd med budsjettforslaget og peikar mellom anna på ei lite ambisiøs satsing på fylkesvegar og rassikring.
Fylkesleiar i Vestland Ap og ordførar i Kvam herad, Torgeir Næss, uttalar til Bergens Tidende at han er skuffa og overraska over at landsstyret sitt vedtak om ein betydeleg auke av midlane til ras- og skredsikring på riks- og fylkesvegar ikkje viser att i budsjettforslaget.
I den same artikkelen blir det vist til ei oversikt administrasjonen i Vestland fylkeskommune har laga som syner at Vestland er det fylket i landet som har størst behov på dette området.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
