Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Status for fjorden
Denne veka kom forskingsrapporten både Statsforvaltaren og havbruksnæringa i Hardanger har venta på.
På oppdrag frå Miljødirektoratet har forskarar ved Havforskingsinstituttet undersøkt helsetilstanden til Hardangerfjorden.
Rapporten har fått tittelen «Hardangerfjorden under press», noko som kanskje er den beste oppsummeringa av det dei har funne ut.
Ifylgje målingane deira toler Hardangerfjorden samla sett oppdrettsnivået som er i dag utan at han blir overgjødsla. Men forskarane peikar på fleire faktorar som i sum gjer at fjorden er under press.
Seniorrådgjevar Tom Pedersen ved Statsforvaltaren i Vestland omtalar rapporten som komplisert, og skal no bruka tid på å gå gjennom han for å sjå korleis innhaldet kan vera til hjelp i vurderinga av nye oppdrettskonsesjonar.
– Eg er optimistisk med tanke på kva me kan få til med ny teknologi i framtida, kommenterer Vidar Hjartnes som mellom anna leiar fellesprosjektet til Eide Fjordbruk og Lingalaks om å etablera eit lukka oppdrettsanlegg i Bruravik.
Lingalaks held fram sonderinga
Det er framleis uvisst om det går mot eit snarleg sal av Lingalaks.
Tidlegare i haust vart det kjent at Haugarvoll-familien vurderer å selja selskapet som driv matfiskproduksjon i sjø i Kvam, Kvinnherad og Radøy.
Bransjeavisa iLaks har vore i kontakt med styreleiar Erlend Haugarvoll denne veka for å få ein status på prosessen, utan å koma nærare eit svar.
– Same svar som før. Me køyrer fleire prosessar parallelt for å finna gode løysingar for å løysa praktiske utfordringar næringa har i området. Lus, miljø og havbruksmelding. Elles ingen ting å melda, skreiv han i ein e-post til avisa.
Nyskaparprisen

Onsdag vart det klart at Pota Madre-gründer Kaj Myklatun frå Eidfjord, får Sparebankstiftinga Hardanger sin Nyskaparpris i 2025.
Prisen som er på ein halv million kroner vart delt ut under Hardangerkonferansen, og det var ein rørt Myklatun som tok imot det synlege provet på at han er årets nyskapar.
– Eg skal ikkje skuffa dykk, sa han under overrekkinga, der han òg takka juryen og alle som har hatt tru på han.
Mørketid og fornying

Er du ein av dei som kjenner på ein trong til å endra noko i heimen, men veit ikkje heilt kva?
Då kan du kanskje dra nytte av tipset frå interiørkonsulent Anne Karin Djupevåg som denne hausten deler idear og erfaringar med store og små interiørprosjekt med Hardanger.no sine lesarar.
Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

