Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Uroleg for konsekvensane
Når medlemslanda i EU i dag skal stemma over forslaget om å innføra ein toll på import av jarnlegeringar, ventar dei fleste at det blir fleirtal.
– Me er redde for at dette berre skal balla på seg. Alle restriksjonar som hindrar fri flyt av varer, er det ingen som tener på. Det skapar berre uro i marknaden, seier Stig Bruntveit som er dagleg leiar ved Elkem Bjølvefossen.
Verdiskaping på lag med miljøet
– Me må skapa verdiar utan å saga over greina me sit på, seier Lina Hamre. Ho jobbar til dagleg som klima- og miljørådgjevar i Voss herad og har fleire tankar om den vidare utviklinga i Hardanger-regionen.

Denne veka svarar ho på spørsmåla frå ordførar Tonje Såkvitne i Hardanger.no sin eigen spørsmålsstafett, og sender samtidig stafettpinnen vidare til ei kvinne som er til stor inspirasjon for ho.
Lovande utvikling
Kan lydsignal få bukt med lakselus? Selskapet Necon har utvikla ei løysing som baserer seg på nettopp det, og no har dei òg fått styresmaktene med på laget, skriv Hordaland Folkeblad.
No er dei avhengige av å få med fleire aktørar innanfor eitt produksjonsområde på å ta i bruk systemet, slik at ein får målt effekten av det i stor skala.
Løysinga skal bidra til betre fiskevelferd, betre økonomi og føra til mindre ulemper for miljøet, og litt avhengig av kor mange ordrar som kjem kan verksemda ha behov for nær 30 tilsette dei neste åra.
Direktør i Necon, Arnvid Skogseth, håpar ifylgje avisa at satsinga kan skapa lokale arbeidsplassar i Hardanger.
Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
