Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.

Ny podkastepisode er ute!
I serien Hardangerfolk møter eg folk med ulik tilknyting til Hardanger. Denne gongen har eg tatt ein prat med filmskapar Vigdis Nielsen som kan avsløra at ho eigentleg ikkje hadde lyst til å flytta heim igjen til Ulvik etter å ha budd heile sitt vaksne liv andre stader.
Trass litt indre motstand i starten, angrar ikkje Vigdis på at ho flytta heim. I podkasten fortel ho om korleis det er å jobba med film i Ulvik, og om korleis ho har funne sin plass etter å ha blitt kjend med heimbygda på nytt.
Les meir frå intervjuet og finn lenkje til podkasten seinare i nyhendebrevet, men få gjerne med deg nokre andre saker frå kulturfeltet fyrst:

Trur fleire bøker vil styrkja leseferdigheitene

Regjeringa løyver 150 millionar kroner til innkjøp av bøker til grunnskular og barnehagar i år.
Satsinga er ein del av leseløftet som skal auka leselysta og sikra ein betre balanse mellom bok og skjerm frå tidleg alder.
Midlane den einskilde kommunen kan få er basert på kor mange elevar dei har i den offentlege grunnskulen. Dei øyremerkte midlane frå staten kjem i tillegg til bøker kommunane allereie skal kjøpa over eigne budsjett.
– Starten på ei endring
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun seier det er viktig at innbyggjarane fylgjer med og gjev beskjed til sine lokale folkevalde dersom dei opplever at ungane deira ikkje får fleire bøker på skulen sin.
Frå 1. august skal skulane vera særskild varsame med bruk av skjerm for alle 1–4. klassingar, og Nordtun trur det vil bidra til meir bruk av tradisjonelle lærebøker.
– Me ser no at færre 1. klassingar i norsk skule har tilgang på eige nettbrett, eller PC. Eg trur det er starten på ei endring der kommunane i større grad prioriterer fysiske bøker. Det er veldig positivt, spesielt for dei yngste elevane, seier Nordtun.
Over ein million lokalt
Ifylgje ei oversikt frå Kunnskapsdepartementet kan Eidfjord få 28 651 kroner, Ulvik 36 489 kroner, Kvam 247 818 kroner, Ullensvang 284 044 kroner og Voss 494 973 kroner ekstra til innkjøp av lærebøker i år.
Nytt av året er at kommunane òg kan søkja på ein pott på 10 millionar kroner til å kjøpa inn bøker i barnehagane. Også her får kommunane midlar etter kor mange barnehageborn dei har.
Kunnskapsministeren har gjeve Utdanningsdirektoratet i oppdrag å vurdera om digitale ferdigheiter framleis skal definerast som ei grunnleggjande ferdigheit på lik linje med lesing, skriving, rekning og munnleg. Direktoratet skal levera tilrådinga si før sommaren.

Andre saker
Åsmund Weltzien vann Spellemann med gruppa Building Instrument i kategorien «Åpen Klasse» under utdelinga i Operaen i Oslo førre helg. Weltzien er busett på Voss der han i tillegg til å vera musikar jobbar som lærar på Voss ungdomsskule. Building Instrument danka dermed ut Benedicte Maurseth som var nominert i den same kategorien med albumet Mirra. Ho var også nominert i kategorien Årets komponist der Bjørn Morten Christophersen stakk av med prisen.
Ei ny årringsdatering gjort av fagfolk ved NTNU avslører at Jåstadstova ved Hardanger Folkehøgskule er frå perioden 1220-30. Det plasserer ho mellom Noregs eldste profane bygningar, skriv Hardanger Folkeblad. Stova vart tatt ned og frakta til Jølster for restaurering i fjor. I mellomtida har Lofthus Maskinlag mura opp ein grunnmur med gjenbrukt stein frå ei løe frå slutten av 1800-talet. I løpet av april og mai skal Jåstadstova byggjast opp att like ved hovudbygningen til folkehøgskulen på Lofthus.
Fosse-stiftinga er mellom søkjarane som får innvilga støtte av Fritt Ord i mars. Dei får 25 000 kroner til Fossedagane. Av lokale namn på lista finn ein Brit Aksnes som får 75 000 kroner til manusutvikling og fotograf Ingerid Jordal som får 40 000 kroner til utstilling og formidling.
Fredag møtest politikarar, arrangørar, musikarar og andre kulturarbeidarar til Kulturkonferansen 2026 i Voss kulturhus. Konferansen markerer også starten på Vossa Jazz-helga som også i sitt 53. år byr på eit variert program med norske og internasjonale artistar på scenen. Årets festivalkunstnar er Ingunn Van Etten, og i dette intervjuet frå førre veke fortel festivalsjef Frøydis Århus at ho er takksam for at kunstnaren frå Hauso ville vera med.

Vekas sitat
– Eg meiner det er ei borgarplikt å opptre anstendig i kommentarfelt og sosiale media.
Tonje Ljones Såkvitne, ordførar i Voss herad under Vossadagane

– Eg hadde ikkje lyst til å flytta heim igjen

Filmskapar Vigdis Nielsen måtte ta grep då ho flytta tilbake til heimbygda Ulvik, etter å ha budd heile sitt vaksne liv andre stader.
– Har det ikkje blitt fint? Me er veldig stolte av ho, seier Vigdis Nielsen i dét ho låser opp døra til naustet ved Prestakaien i Ulvik. Her inne skjuler det seg ei badstove bygd på dugnad av lokale eldsjeler.
I byggjeprosessen var dei særleg opptekne av gjenbruk, noko som resulterte i at dei mottok Berekraftprisen 2025 frå Norges Badstulaug.
Stor overgang
Laugarstovo har vore svært viktig for Vigdis Nielsen dei siste åra. Her har ho skaffa seg fleire kjenningar frå fjern og nær, og viktigast av alt, mange nye vener.

I podkasten Hardangerfolk fortel ho at ho brukte tid på å finna seg til rette igjen i Ulvik etter å ha budd over 30 år andre stader, sist i Stavanger der ho var godt etablert som filmskapar.
I utgangspunktet hadde ho lyst å flytta til Bergen, men då mannen, Geir Netland, i 2013 fekk jobb som dagleg leiar for Haugesenteret, blei det raskt klart at det måtte bli Ulvik.
– Me var frilans filmarbeidarar begge to og forholdsvis fattige, så då han fekk ein skikkeleg jobb her flytta eg heim, seier ho.
Sjølv om ho hadde vore mykje på besøk i heimbygda, ofte over lengre periodar, var det ein stor overgang å plutseleg bu der på fast basis.
– Det var litt rart i byrjinga. Vanskeleg å driva med film frå Ulvik, sjølv om dei mest personlege og viktigaste filmane mine kjem frå Ulvik og det eg likar her. Men reint praktisk er det vanskeleg å bu her og laga film, sidan alle filmfolk held til i byane, fortel ho.

Kjærkomen møteplass
Mykje av jobben kunne gjerast frå heimekontor, men det sosiale nettverket måtte Vigdis jobba litt for.
Då pandemien kom losna det for alvor.
Saman med nokre andre ivrige badeentusiastar som møttest for å bada kvar sundag heile året, var ho med å starta Prestakaien laugarlag i 2020.
– Eg elskar å bada, og eg badar heile året. Sjølv når det er kaldt og me må hakka hol i isen, seier ho.
Laugarlaget bada i nesten tre år før dei kom på ideen om å byggja ei badstove ved Prestakaien.
– Det vakre Prestanaustet stod her allereie og me spurde om me kunne få lov å bruka det, og det fekk me, seier Vigdis.

Det skjer i helga
27. mars Musikkvideo-quiz, Iris Scene
27.-28. mars LAN-party, Ystanes aktivitetshus
27.-29. mars Vossa Jazz
28. mars Lego-utstilling med legobygging, kjøp og sal, Kulturnaustet på Hardanger fartøyvernsenter
29. mars- 4.april Poetisk påskeeggjakt, Haugesenteret
31. mars Påskerebus på Haugesenteret
31. mars Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar, Haugesenteret

Dette les me også
** Bergen ungdomslag Ervingen og Bergen Kulturskole med hardingfele-samarbeid på SFO. Folkemusikk.no
** Vestnorsk filmsenter har runda 30 år og delt ut 265 millionar. BT
** Kritiserer DNT for at det enkle friluftslivet har blitt erstatta med rødvin og innlagt toalett. DN

God påske!
Takk for at du abonnerer på nyhendebrev frå Hardanger.no! Med det bidreg du til at me kan halda fram med å byggja opp eit endå breiare tilbod med meir innhald frå Hardangerregionen. Tips gjerne ein ven eller nabo om å teikna abonnement også, det vil bety mykje for den vidare utviklinga.
Dersom du har innspel vil me gjerne høyra frå deg på post@hardanger.no eller i innboksen vår på Facebook eller Instagram.
Neste nyhendebrev kjem veka etter påske.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
