Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
På nyåret vil ein stor del av innhaldet vårt hamna bak betalingsmur. Nytt høvet til å sikra deg eller nokon du kjenner eit abonnement til ein god pris no.
I denne utgåva kan du lesa om:
- Eide Fjordbruk si Watermoon-satsing
- Lite rømming frå settefiskanlegg
- Smakebit frå podkastinnspeling
Verdsleiande teknologi

Med nye krav til meir berekraftig havbruk, både nasjonalt og internasjonalt, er det mange oppdrettsselskap som jobbar med å utvikla lukka løysingar.
Av selskapa som driv oppdrett i Hardangerfjorden er Eide Fjordbruk kome lengst. Dei kan skilta med verdas største lukka oppdrettsmerd i sjø og har allereie rokke å produsera seks generasjonar laks utan lus.
Sørensen er glad for at det har blitt større fokus på tilstanden i Hardangerfjorden og andre norske fjordar dei siste åra.
– Me er nøydde til å ta vare på fjordane. Me må samla opp slam og sørgja for fjorden blir berekraftig og alle individ skal kunna leva i samspel. Skal me få bort det dårlege omdømet til næringa, må me visa det me faktisk får til, seier han.
Stor nedgang i rømming
Ei ny undersøking frå Norce Miljø viser færre funn av rømt oppdrettsfisk frå setjefiskanlegg enn tilsvarande undersøkingar i 2015 og 2017.
På oppdrag frå Fiskeridirektoratet har forskarar frå Norce undersøkt elver i nærleiken av 32 settefiskanlegg i Rogaland og Vestland, og det vart berre gjort sikre funn av rømt oppdrettsfisk i Storelvi ved Mowi sitt anlegg i Herand.
– Ved lokalitet Herand blei det samla inn ni laksesmolt og observert minst eitt individ til i elva. Genetiske analysar stadfestar at åtte av dei ni laksane stamma frå MOWI som eig setjefiskanlegget, står det å lesa i rapporten frå undersøkingane.
Fiskeridirektoratet trekkjer fram strengare krav til anlegga som ei av årsakene til nedgangen i rømming.
– Dette indikerer at forskrift om krav til teknisk standard for landbaserte akvakulturanlegg for fisk har hatt god effekt, og at auka fokus på teknisk standard og rømmingssikring gjev resultat, skriv dei i ein kommentar til rapporten.
Fiskeridirektoratet lanserte i 2007 «Smoltoffensiven» for å redusera omfanget av rømming frå setjefiskanlegg, og i 2008 vart det innført krav om dobbeltsikring. Ti år seinare, i 2018, kom «Forskrift om krav til teknisk standard for landbaserte akvakulturanlegg for fisk»
I rapporten frå Norce blir det likevel understreka at manglande funn i nærleiken av ein oppdrettslokalitet ikkje gjev grunnlag for å utelukka at rømming har skjedd.
Følgjande elver vart undersøkt for rømt oppdrettslaks i Hardangerregionen:
- Æneselva
- Bondhuselva
- Øyerhamnselva
- Ljoneselva
- Tørvikelva
- Storelvi
Klimaendringar i Hardanger

Tysdag inviterte me til live podkastinnspeling i Bergen om korleis klimaendringane vil påverka Hardanger i åra som kjem.
Snart kan du høyra professor Jostein Bakke og førsteamanuensis Pål Ringkjøb Nielsen frå Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret dela av kunnskapen sin i nye episodar av podkastserien Hardangerfolk.
Begge var tydelege på at meir nedbør, hyppigare regnflaumar og stigande havnivå gjer at ein må tenkja nytt rundt korleis lokalsamfunna kan utvikla seg fram mot århundreskiftet, både med tanke på busetnad og næringar som landbruk og reiseliv, for å nemna noko.
Fylg med i komande nyhendebrev for informasjon om når episodane blir lagt ut.
Har du nokon tankar om denne utgåva av nyhendebrevet? Kom gjerne med tilbakemelding ved å svara på denne e-posten, eller ta direkte kontakt med meg på e-postadressa under.
Tips kan du senda til tips@hardanger.no
Hjelp oss gjerne å veksa på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
