Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også! Her kan du kjøpa abonnement og vera med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
I denne utgåva kan du lesa om:
- Ein ny rapport som kan bidra til fleire lokale arbeidsplassar
- Den nye raudlista
- Tekstilkunstnar Åse Ljones som vil skapa ei hardangerbølgje
- Tunnelhåp på Hardangervidda
Skal styrkja norsk fôrproduksjon
Regjeringa har mål om at alt fôr til husdyr og oppdrettsfisk skal vera berekraftig innan 2034.

Noreg er i dag sterkt avhengig av importerte fôrråvarer, særleg i oppdrett. Det gjer norsk matproduksjon sårbar for geopolitikk, prisendringar og ustabile forsyningsliner.
Rapporten peikar på at større del av råvarene må utviklast og produserast i Noreg – både for å redusera risiko, klimagassutslepp og press på natur.
Ved å styrkja norsk fôrproduksjon kan Noreg både redusera klimaavtrykket og sikra meir stabile leveransar av fôr til både landbruk og havbruk.
Dei føreslegne tiltaka viser at næringane treng betre rammevilkår for å lukkast med omstillinga, mellom anna med tanke på tilgangen til investeringsmidlar.

I tillegg må ein ta i bruk ressursar som til no har vore lite utnytta, slik mellom anna selskapet Ragn Sells Havbruk er i ferd med å byggja opp eit system for i tett samarbeid med fleire oppdrettarar i Hardangerfjorden.
Rapporten er òg godt nytt for verksemda Invertapro som er lokalisert i den nye bioparken Voss Virka og jobbar med å utvikla insektbaserte fôrprodukt til laksefisk og fjørfe.
Viktig å oppretthalda tradisjonell drift
Denne veka lanserte Artsdatabanken ei ny og meir detaljert raudliste for naturtypar. Nesten 900 naturtypar er vurderte av ulike fagpersonar, og over 40 prosent av naturen blir klassifisert som truga.

Klimaendringar, nedbygging av natur og endringar i arealbruk gjer at den norske naturen er under press, og semi-naturlege naturtypar er mellom dei mest truga. Dette er natur som er forma av langvarig menneskeleg bruk gjennom beiting, slått og, som i tilfellet med kystlynghei, kontrollert brenning.
Når tradisjonell drift opphøyrer, gror områda raskt igjen og artsmangfaldet forsvinn.
– Eit aktivt landbruk i heile landet er viktig for å ivareta dei semi-naturlege naturtypane. Bøndene som skjøttar naturtypane gjer ein god jobb, men no har det stramma seg til. Det er grunn til å ropa varsko, seier forskar Liv Guri Velle ved NIBIO.
Vil ha ei større hardangerbølgje

– Det må vera låg terskel, og noko uventa. Då hugsar ein dagen att. Fellesopplevingar gjev samhald, den gode samtalen kjem i gang og er inkluderande, seier ho.
I Hardanger.no sin spørsmålsstafett denne veka deler ho òg tips til korleis ein kan halda koken i mørketida.
Stafettpinnen sender ho vidare til ein nyleg Brageprisvinnar, samtidig som ho ynskjer han velkomen til gjesteopphald i barndomsheimen til Jon Fosse, Myra i Strandebarm.

Optimistiske politikarar
Forslaget må fyrst behandlast i transportkomiteen før ei eventuell behandling i Stortinget, men Trond Helleland som er transportpolitisk talsperson i Høgre har tru på eit fleirtal i Stortinget.
I forslaget som er fremja blir det vist til at Stortinget i 2024 handsama villreinmeldinga og Nasjonal transportplan, og at «begge innstillingane understrekar verdien av miljøtunnelar på Hardangervidda for å sikre villreinen, og ei meir stabil vinterdrift. Ein vanleg vinter kan dagens veg vere kring 1000 timar stengd grunna dårlege vêrforhold.»
– Dette lovar godt for lokalt næringsliv, beredskap, villreinen og miljøet, uttalar kommunestyrerepresentant for Høgre i Eidfjord, Einar Nagell-Erichsen til Hardanger Folkeblad.
Det er kjekt å sjå at stadig fleire vel å abonnera på nyhendebrevet vårt. Eg ynskjer å retta ein spesiell takk til dykk som har vore med sidan starten, og til alle som sender inn tips og tilbakemeldingar som hjelper oss å utvikla produktet vidare.
Har du tips eller innspel? Bruk adressa tips@hardanger.no eller ta direkte kontakt med meg på e-postadressa under.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
