Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
Skal forska på villreintiltak
Ein gjeng med forskarar frå fleire ulike fagmiljø skal bruka dei neste fire åra på å finna ut om tiltak som vert sett i verk for å betra situasjonen for villreinen i Noreg har den effekten dei er meint å ha.
– Me veit mykje om kor villreinen bevegar seg i fjellet, men for lite om effekten av tiltaka som skal hjelpa reinen, seier prosjektleiar for forskingsprosjektet, Vegard Gundersen. Les heile saka her.

I sommar kom regjeringa med forslag til ei rekkje tiltak for å betra levekåra for villreinen på Hardangervidda og i Setesdal/Ryfylke. Planen har sidan vore ute på høyring.
Parallelt med høyringsperioden for regjeringa sin tiltaksplan, har Hardangerviddarådet òg hatt eit forslag til felles sti- og løypeplan på Hardangervidda ute på høyring.
Fristen for å senda inn høyringssvar til begge planane går ut i dag, 31. oktober.
Ny stafett!

Denne veka startar spørsmålsstafetten vår. Her får hardingar høve til å stilla andre hardingar spørsmål om kva dei vil. Fyrst ut er gravensar og ordførar i Voss herad, Tonje Ljones Såkvitne.
I spørsmålsstafetten svarar ho på om ho kjenner seg som vossing, og kva ho meiner er dei viktigaste utfordringane Hardanger-regionen må løysa i åra som kjem.
Trykk på biletet over eller les saka her.
Viktig ferjehistorie kan gå tapt
Den vidare skjebnen til ferja «MF Hardingen sr» heng no i ein syltynn tråd. Dersom det ikkje snarast dukkar opp ein kjøpar med mykje pengar og overskot til restaurering, vil ferja gå til opphogging, skriv avisa Kvinnheringen denne veka.
På Facebook-sida Fergefart i Vestland har noverande eigar, Vestlandske Trafikk AS lagt ut ei melding om at ferja er lagt ut for sal for 500.000 kroner. Fristen for eventuelle kjøparar var sett til 30. oktober.
Fjordferja MF «Hardingen sr» vart mellombels freda i februar 2022, men vart utsett for ein brann medan ho låg til kai i Kristiansund i januar året etter. Der gjekk så store kulturminneverdiar tapt at Vestland fylkeskommun ikkje såg grunnlag for vidare freding, og i mai i år vart fredingssaka oppheva.

Nye møte
Komande veke blir Hardangerkonferansen arrangert på Ullensvang hotel. Konferansen er ein møteplass for næringsliv, politikarar og alle med interesse for samarbeid på tvers av kommunegrenser.
På programmet står tema som er felles for heile regionen, slik som bustadmangel, rekruttering og tilflytting.
Konferansen er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Hardanger, Sparebanken Norge, næringshagane i regionen, samt Hardangerrådet iks.
Same veka held prosjektet som jobbar med ein ny og felles reiselivsstrategi for Hardanger held fram med møte-turneen sin.
Denne gongen er det folk i Eidfjord (3. november) og Jondal (4. november) som kan møta opp og koma med innspel til det vidare arbeidet med strategien - som skal sikra eit reiseliv som er til å leva med både for fastbuande og besøkande.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
