– Me ser at det blir stadig vanskelegare for både arbeidsfolk og studentar å skaffa seg utleigebustad. Og prisane blir pressa opp, uttalte LO-sekretær Kathrine Haugland Martinsen til Dagens Næringsliv i helga.
Saka handla om at Noreg er det landet i Europa med størst Airbnb-vekst i år. Tala DN har fått frå det amerikanske analyseselskapet Airdna viser ein samla vekst i korttidsutleige på 20 prosent i juli samanlikna med fjoråret.

Veksten er størst i dei store byane, men også her i Hardanger har marknaden for korttidsutleige gjort det vanskelegare å finna plass å bu for sesongarbeidarar enkelte stader.
Sjølv om fleire turistar er positivt for Hardanger som region er det mange som har nådd ei metningsgrense. – Me vil ikkje vera her lengre, me reiser ikkje nokon plass. Me er stengt inne i bygda. Det er ikkje til å leva med, uttalte Randi Elisabeth Oppedal nyleg då TV 2 sette søkeljos på situasjonen for dei fastbuande langs Rv. 13.
Hardangerrådet og reiselivsnæringa jobbar med tiltak som skal ta omsyn både fastbuande og besøkande. Me har tidlegare skrive om ynsket om å ta i bruk fjorden som ferdsleveg meir, og arbeidet med ein felles reiselivsstrategi som syter for at fleire turistar vel å koma til andre tider av året enn midt på sommaren.
Hovudutfordringa i dei områda i regionen som opplever størst press er infrastrukturen. Med sine bratte fjellsider og mange fjordarmar, har Hardanger flust av naturlege utfordringar når det gjeld å koma seg enkelt frå A til Å.
Difor er det klare forventningar frå næringslivet når fleire kandidatar til stortingsvalet stiller på folkemøte om samferdsel i Odda i kveld.

Bak initiativet står E 134 Haukelivegen AS, Hordalandsdiagonalen AS og Fjordvegen Riksveg 13 som alle jobbar for å sikra at Hardanger ikkje blir gløymt når det skal fordelast pengar til nye vegprosjekt på Vestlandet.
– Vi oppfordrer Nye Veier og Statens Vegvesen til å samarbeide, skreiv Arnfinn Førsund og Espen Tokheim frå Hardanger Industri i eit lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad førre veke.
For det hastar å få utbetra dei flaskehalsane som er att, både for dei som lever og jobbar her, og for alle besøkande.

Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del det gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
