Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også! Her kan du kjøpa abonnement og vera med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
I denne utgåva kan du lesa om:
- Brageprisvinnaren sine svar i spørsmålsstafetten
- Villaksen i Hardangerfjorden hadde det verst i landet
- Auke i landbrukseigedomar utan fastbuande
- Invitasjon til temafrukost
Bruk tilboda som finst!
Leander Djønne har ei klar oppmoding til folk i Odda og Ullensvang: støtt opp om dei kulturarrangementa som finst heile året, ikkje berre under festivalar.
Denne veka svarar han på spørsmåla frå tekstilkunstnar Åse Ljones i spørsmålsstafetten vår, der han mellom anna er oppteken av at kommunen må verna om kulturtilbodet for barn og unge.

Trykk på biletet over for å lesa alle svara og sjå kven han sender stafettpinnen vidare til.
Villaks i Hardanger hadde det verst
Havforskingsinstituttet har levert tre rapportar i samband med at Nærings- og fiskeridepartementet skal gjera ei ny vurdering av trafikklyssystemet som regulerer oppdrettsnæringa ut frå kor stor miljøpåverknaden er.
Dei siste åra har det blitt rapportert om stadig mer lakselus lenger nord enn tidlegare, og med det eit høgare smittepress på villaks.
Laks blir hardast råka av lakselus dersom utvandrande laksesmolt blir smitta når han symjer ut fjordane om våren.

– Me observerte mykje lus på smolten i Hardangerfjorden i vår, i andre område varierer det frå moderat til lågt påslag, uttalar Ørjan Karlsen som er prosjektleiar for lakselus på Havforskingsinstituttet.
I den same overvakingsperioden blei påverknaden av lakselus i Boknafjorden og Sognefjorden vurdert som middels, og i Romsdalsfjorden og Altafjorden som lågt.
Forskarane har òg undersøkt påverknaden på sjøaure og sjørøye i dei 13 produksjonsområda norskekysten er delt inn i.
I motsetnad til laks, oppheld sjøaure og sjørøye seg i fjordane og langs kysten i lange periodar i sommarhalvåret, noko som gjer dei meir utsette for smitte av lakselus.
Data frå overvakingane til Havforskingsinstituttet syner òg at sjøauren er hardt råka av lakselus i nesten heile landet.
Liten auke i tomme gardsbruk
Ser ein nærare på tala frå Hardangerregionen, viser dei relativt store lokale skilnadar mellom kommunane i kor mange landbrukseigedomar det ikkje bur folk fast på. Talmaterialet seier ikkje noko om kor mange av desse som vert brukt som fritidsbustad, men ifylgje SSB gjeld det truleg ein god del.

– Nokon kjøper barndomsheimen sin for å bruka han til feriestad. Ei anna forklaring kan vera at konkurransen i landbruket er tøff, der bønder må ha to gardseiningar for å få drifta til å gå rundt. Då kan dei berre bu éin stad, seier han.
På den lokale lista er det Eidfjord som ligg på topp med flest gardar utan fast busetnad, medan Ullensvang ligg i motsett ende. Likevel har talet på landbrukseigedomar utan fast busetnad auka der også dei siste åra, slik det har gjort i dei andre kommunane òg. Unntaket er Eidfjord der talet er omtrent det same som for fem år sidan.
Slik er prosentsatsen for dei ulike kommunane i 2025 når det gjeld landbrukseigedomar med bustadhus utan fastbuande, med talet frå 2020 i parentes.
- Eidfjord: 36,6 (36,0)
- Ulvik: 28,8 (26,2)
- Kvam: 23,8 (20,3)
- Ullensvang: 18,8 (16,5)
- Kvinnherad 31,2 (29,0)
- Voss: 20,1 (19,2)

Temafrukost om klimaendringar i Hardanger
Me inviterer dei av nyhendebrevabonnentane våre som har tilhald i Bergen, og alle andre som ynskjer å ta turen, til ein temafrukost som skal gjera oss klokare på korleis klimaendringane vil prega Hardanger i åra framover.
Professor og jondøl Jostein Bakke stiller saman med kollega og førsteamanuensis Pål Nielsen frå UiB for mellom anna å fortelja om korleis kraftbransjen må tenkja annleis når Folgefonna trekkjer seg tilbake og eit nytt landskap dukkar fram.
Me skal òg bli litt klokare på korleis både dei som lever, byggjer og bur i Hardanger må tilpassa seg eit mildare klima med meir styrtregn og hetebølgjer. Undervegs blir det høve til å stilla spørsmål frå salen.
Det er avgrensa tal plassar i lokalet, så klikk deg vidare til påmeldingsskjemaet under viss du vil sikra deg ein plass.
Har du nokon tankar om denne utgåva av nyhendebrevet? Kom gjerne med tilbakemelding ved å svara på denne e-posten, eller ta direkte kontakt med meg på e-postadressa under.
Tips og andre innspel kan du senda til tips@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

