Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også. Klikk her viss du ynskjer å kjøpa abonnement.
No søkjer me etter fleire som kan laga innhald for oss. Sjå meir info nedst i nyhendebrevet.
I denne utgåva kan du lesa om:
- Møter oppdrettsplanar med motsegn
- Vil ha høve til å bruka lokalt skjøn
- Held fram som eigarar

Fremja motsegn mot oppdrettsplanar
– Me kan ikkje sjå at dialog i denne saka vil kunna føra fram til ei omforeint løysing. Difor fremjar me i dette høvet motsegn til planforslaget utan føregåande dialog, skriv Statsforvaltaren i eit brev til Ulvik herad like før høyringsfristen gjekk ut før jol.
Saka gjeld planane for utviklinga av næringsarealet ved den nedlagde ferjekaien i Bruravik, der selskapet Bruravik utvikling AS ynskjer å etablera eit moderne oppdrettsanlegg.
Også Vestland fylkeskommune har fremja motsegn mot planane. Totalt kom det inn 21 høyringsinnspel som no skal handsamast, og den vidare saksgangen er ikkje avklart.
Vil ha høve til å bruka skjøn
Kommunane var relativt samstemde i innspela sine, mellom anna i spørsmålet om eit forbod bør ha tilbakeverkande kraft.
Her tok både Eidfjord og Kvam til orde for at det berre bør gjelda for reguleringsplanar som blir vedtekne etter at ei slik lovendring trer i kraft.

Kommunane var òg opptekne av å sikra lokalt handlingsrom i arealsaker.
– Det er viktig at kommunen kan utøva eit kommunalt skjøn. Det bør vera mogleg å opne for nedbygging av myr gjennom reguleringsplan der det går fram at ikkje viktige og djupe myrar går tapt eller at viktige naturverdiar går tapt, skreiv Kvam herad i si tilbakemelding til Miljødirektoratet.
Held fram som eigarar
Etter ein lang periode med spekulasjonar, gjorde Lingalaks det kjent denne veka at eigarane vil halda fram og jobba for å vidareutvikla selskapet.
I ei pressemelding som fyrst vart gjengjeve av iLaks, uttalte styreleiar Erlend Haugarvoll at dei har vurdert fleire reelle alternativ, men landa til slutt på at selskapet har sterke føresetnader for vidare utvikling innanfor dagens eigarskap.
Han utdjupa avgjerda i avisa IntraFish:
– Me har tru på framtida, og vil tru på at me skal tena pengar, sa han.
Ekspertar i DNB har tidlegare uttala at dei forventar fleire oppkjøp og samanslåingar i oppdrettsbransjen i år. Dette grunngjev dei mellom anna med at krav til investeringar i ny teknologi vil gjera det vanskeleg for mindre aktørar å stå åleine.
Har du lyst å laga innhald for oss?
Hardanger.no søkjer skribentar som har interesse for næringsliv og utvikling i Hardanger. Me kan tilby frilansavtalar som kan kombinerast med jobb eller studium, eller engasjement på fulltid i ein kortare eller lengre periode.
Ta kontakt med underteikna for ein uforpliktande prat!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
