Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også. Klikk her viss du ynskjer å kjøpa abonnement.

Godt reiselivsår
2025 vart eit godt år for reiselivet i Hardanger.
I arbeidet med å få på plass ein overordna strategi for den vidare utviklinga i reiselivet, har dei no fokus på å fordela gjestene over lengre tid.
– Vidare utvikling handlar i mindre grad om å auka volumet, og i større grad om korleis etterspurnaden kan fordelast mellom sesongar, treffa riktig segment og auka lokal verdiskaping, oppsummerer dagleg leiar i Visit Hardangerfjord, Andreas Skogseth.
Trur på nytt liv i klyngetun
Mellom det som blir trekt fram som fordelar med ein slik måte å bu på, er sosialt fellesskap, berekraftige løysingar og moglegheiter for småskala jordbruk.
32 prosent av dei spurde oppgav det som ganske eller svært sannsynleg at dei ville vurdert å flytta inn i eit klyngetun dersom det fanst i ein distriktskommune dei ynskte å flytta til.

Forskarane bak rapporten åtvara likevel mot å tru at klyngetun i seg sjølv er nok for å lokka til seg fleire tilflyttarar.
– Kommunen og området der eit klyngetun skal etablerast må vera attraktivt i utgangspunktet, samstundes som ein må vera proaktiv for å klara å nå ut til den aktuelle målgruppa. I tillegg må det finnast gode og synlege jobbmoglegheiter, skriv dei i rapporten.
Søkjer oppdrettskonsesjon til forsking
No søkjer dei om eit forskings- og utdanningsløyve til å driva oppdrett av laks i eit lukka, sjøbasert RAS-system. Målet deira er å etablera ein ny standard for sirkulært havbruk der avfall blir til verdifulle produkt.
Ambisjonen med forskinga er å dokumentera korleis reine slamfraksjonar frå oppdrett kan bli foredla til verdifulle produkt som protein og omega-3, heilt utan utslepp.
Dei nyttar eit såkalla multigen-system som samlar slam frå heile produksjonskjeda, med hjelp av mellom anna mekaniske filter, biofilter og denitrifikasjon. Dei ulike slamkomponentane kan sidan nyttast kvar for seg eller kombinerast i nye produkt.
Oppdrettsanlegget dei søkjer om blir som eit lite forskingslaboratorium.
– Når me kan kontrollera alle innsatsfaktorane som vatn, temperatur, lys, oksygen, CO₂, mikrobiologi og næringsstoff, får me ein forskingsarena som ikkje finst i opne sjøsystem, seier seniorrådgjevar Gjermund Bahr i NIBIO.
Nytt tilbod på Hardangerfjorden
Til sommaren blir hardangerjakta Mathilde å sjå i trafikk på Hardangerfjorden når Hardanger fartøyvernsenter går saman med Aga Sideri og Utne hotell om eit nytt tilbod for turistar som ynskjer ei oppleving av det meir eksklusive slaget.
Den to dagar lange båtturen frå Norheimsund, via Aga og Utne, har nemleg berre 20 plassar, og rettar seg ifylgje dei tre samarbeidspartnarane mot «kulturinteresserte menneske som er opptatt av god mat og drikke».
– Det er heile spekteret, fjord, sider og Utne hotell. Den ultimate Hardanger-pakken! uttalte Tone Geirsdatter Solvang frå Hardanger fartøyvernsenter til Hardanger Folkeblad då nyhendet vart kjend tidlegare i veka.
Fekk beskytta geografisk nemning
Førre veke vart det kjent at Sider frå Sogn har blitt tildelt beskytta geografisk nemning.
Sider frå Hardanger var i 2009 det fyrste alkoholhaldige produktet i Noreg som fekk denne statusen, og no får altså sideren frå Sogn tilsvarande status.

Tildelinga vart gjort under mat- og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin, der fleire normenn var til stades på fagseminaret «Matnasjonen Norge og auka bruk av norske råvarer» i regi av Landbruks- og matdepartementet.
Per no kjem rundt 8o prosent av sideren som vert seld på Vinmonopolet i Noreg frå Hardanger.
Tusen takk for at du abonnerer på nyhendebrevet vårt!
Kva saker eller tema vil du at me skal lyfta fram i 2026? Del dine tankar og innspel på e-post til tips@hardanger.no.
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
